søndag, august 01, 2021

Dagbok 2021: 1.august.

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 16 grader, det er lettskya og sol.- Ja, så er vi komne til august og ferietida nærmar seg slutten for mange. Som eg har sagt før, i min barndom starta skulen 1.september og det var ei mykje betre ordning etter min forstand. Men det er så mykje som er annleis no at det å forlenge skuleferien hadde blitt problem for mange.Så nærmar det seg altså skulestart for elevar og lærarar. Og dei vaksne barnebarna skal starte opp att på studiar, mens andre begynner i jobb. Av barnebarna her på Sunnmøre er det berre Erlend som er skule-elev, alle Solveig sine er i jobb, Ingeborg til Margrete startar i jobb i år, mens Eirik og Amanda studerer vidare i Trondheim. Eivind på Kongsberg skal til Tromsø og studere, mens dei to andre held fram skulegangen heime. Eg var bra sliten i går kveld -orka ikkje å strikke eingong, men i dag var eg i fin form igjen. Etter at eg var ferdig med frokosten tok eg fram støvsugaren og støvsuga stova og gangen-det var eit visst behov. Så sette eg meg til å høyre radio og strikke. Eg gjekk ut på altanen og då slo den imot meg-angen av granbar! Eg gjekk ut og plukka eit par liter rips, som eg renska etter kvart og skyte då eg kom inn. Det skal bli mange gode dessertar når vi kan begynne å vere meir sosiale igjen. Dei fire som bur i nr.8 rett over gata,testa seg i går, dei hadde vore i eit bursdagsselskap der det var ein smitta til stades. Hadde Marit testa positivt, hadde eg måtta testa meg også, for eg hadde vore i lag med henne.Vi var litt spente i dag før resultatet kon; heldigvis var ingen av dei fire smitta. Eg har ikkje laga middag i dag - så langt, men eg åt vaflar til lunsj. Hadde frose ned nokre som vi løyvde då Margrete og barn var her. Eg tina og skjerpa dei i brødristaren og då vart dei skikkeleg gode.Det er no gale å kaste god mat. Etter det måltidet vart eg så trøtt at eg gjekk ut og la meg på solsenga. Eg veit ikkje om eg sovna, men eg var i alle fall ikkje trøtt lenger då eg stod opp. Eg gjekk ut og plukka meg nokre bær som eg åt. Reiv opp to reddikar for å sjå kor langt dei var komne, det er ikkje så lenge sidan eg sådde dei.Eg er nøgd med resultatet, så langt.
Plommegreinene heng som store drueklasar, skal bli rart å sjå kor mange av plommene som modnar.
Tysdag 3.august startar treninga opp att, og fredag 6.august skal Marit og eg til Ulsteinvik for å få høyreapparat, så no blir det slutt på "ferien" vår også. Vi får taxi til og frå Ulsteinvik-det er no ein kjekk liten tur.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...