onsdag, juli 28, 2021

Dagbok 2021: 28.juli

Klokka er 16.50, temperaturen ute +25 grader og det er skya-med litt sol av og til. Eg har ikkje vore så flittig i dag, har ikkje gjort så mykje ute-og så å seie ingenting inne. Husarbeidet får vere til det blir innevêr. Planen min i dag var å plukke rips, helst alt. Men så viste det seg at ripsen ikkje var så moden som eg trudde. Det vart til at eg plukka og reinska i same operasjonen, så var det berre å skylle bæra og fryse dei. I dag vart det tre gode porsjonar med "dessertbær"til frysaren. Eg hadde gløymt å sette ut bosset i dag, og det var to dunkar som skulle tømmast. Nokre som eg kjenner gjekk akkurat forbi og ropte til meg, såpass eg fekk tømt restavfallet, og det var det viktigaste. Etter Marit og mi si meining blir den dunken tømt altfor sjeldan. Men det går no bra no når eg ikkje har leigebuarar. Eg fann ut at eg like godt kunne mosjonere på føremiddagen, så eg gjekk utover Starevegen. Der kom min venn rørleggaren med "bilen" sin. Han påstod at eg gjekk som ein tenåring. Det var vel å overdrive litt, men eg har vore god i føtene no i sommar. Neste veke begynner treninga igjen, så då spørs det korleis det virkar. Eg gjekk opp på Vernet, men i staden for å gå rundt, tok eg vegen opp Åsmundmarka og vidare råsa opp til Raudhyttevegen, altså motsett veg som sist eg var til skogs.
Eg gjekk innover Raudhyttevegen, den er nokså flat og lite krevjande, men sveitten sila og rann av ansiktet heile tida. Så gjekk eg ned til bommen og innpå Vallabø-vegsystemet.I området rett innafor bommen var det snauhogt for nokre år sidan-det var der ikkje no.
Då eg kom heim att varte det ikkje så lenge før eg laga meg middag, det vart Taco i dag også, og kanskje i morgon med. Etter at eg hadde ete og drukke litt kaffi vart eg så trøtt at eg gjekk ut på altanen og la meg på solsenga og slappa av. Og der vart eg liggande. Eg har ikkje så mykje å gjere i hagen akkurat no. Eg ser fram til at grana skal fellast, då får eg arbeid med kvisting etc. Sjølve fellinga tek eg ikkje på meg. Eg har ikkje bestemt meg om eg skal kverne kvistane eller ikkje -viss ikkje får eg eit bra lass å reise på VØR med-men det er OK. I dag såg eg noko som eg ikkje har sett på mange Herrens år, ei marihøne, eller gullsmed som vi sa på Eid i gamle dagar. Den sat på ei grein ved sidan av leet til Åsmundmarka.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...