mandag, juli 26, 2021
Dagbok 2021: 26.juli
Klokka er 18.45, temperaturen på trappa er + 27 grader, det er lettskya, sol og varmt.Her eg sit og skal skrive er det ei fluge som ikkje held fred. Eg kom nettopp ned att frå nr.8 der eg har sete og prata og drukke kaffi i lag med Marit eit par timar.
I dag skulle eg klippe plen ,men det var vått i graset, derfor venta eg litt på å begynne. I mellomtida klipte eg av dei nedste greinene på den store grana. Så vart det plenklipping etter kvart. Då eg var ferdig å klippe og hadde vaska klipparen stod eg på altanen og såg utover verket mitt. Då såg eg eit uklipt område, og dermed gjekk eg ut og klipte ei stund til. Etter kvart fekk eg ete litt og dusja før eg for opp til Marit. Det er heitt og eg sveittar, men eg beklager meg ikkje.Eg set veldig pris på varmt sommarver og det er ikkje skadeleg å sveitte. I går kveld , seint, kom det litt torevêr og regn. Regnet gjorde sikkert godt. Det er like før eg må begynne å plukke hagebæra mine-bringebæra et eg opp etter kvart, men eg skal sylte solbær og stikkelsbær, trur eg. No skal eg sette på TV-en og få med meg kva som skjer i verda.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar