lørdag, juni 12, 2021
Dagbok 2021: 12.juni
Klokka er no 20.15. Temperaturen ute er + 10 grader, og vi har hatt mange voldsomme regnbyger i løpet av dagen. I dag har det vore sundag i hovudet mitt, og eg strevar enno med å forstå at det berre er laurdag. Eg vakna tidleg i dag, men låg til ca 7.30. Eg hadde utsett fredagsvasken, men den vart eg tidleg ferdig med. Hadde så smått tenkt meg ned på ALTI i dag, men det vart ikkje noko av. I staden gjekk eg tur på Vernet på føremiddagen. Middagsmaten i dag vart det samme som i går, og etterpå sette eg meg til med kaffikopp og serie. Etter ei stund ringde det på døra-det var Helge som kom for å gjere ein jobb i kjellaren. Men det første han gjorde var å opne varmepumpa og ta ut "støvfangarane" og eg fekk beskjed om å støvsuge. Trur ikkje dei har vore støvsuga på mange år. Etter at han var ferdig i kjellaren, fekk eg han til å sjå på printeren. Han bala ei stund, men jammen fekk han den til å virke igjen. Det er eg glad for, for eg treng den verkeleg. Etter at Helge forsvann, gjekk eg opp til Marit, som planlagt, ho er heime åleine denne helga. Vi drakk kaffi og prata, eg skulle ned igjen til 19-nyheitene, men der var noko heilt anna. Heldigvis er det liv i fotballspelaren.
Det blæs og regnar litt ute no, og temperaturen er ikkje så behageleg lenger, eg må ha på varmepumpa i stova. Eg fekk melding frå Ingrid som skal bu her til hausten om at dei kjem innom i morgon ettermiddag/kveld. Vi skal fylle ut skjema for utleigar/leigetakar.
Solveig har printa ut skjema, men no kan eg fylle ut på data, om eg vil. Det blir viss meir fotball i løpet av kvelden, dei skal visst ta att alt dei har forsømt dei to siste åre. Men eg har ein SERIE......
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 27.oktober
Klokka er 17.40, men det er bekmørkt ute, det er vel på grunn av at vi har gått over på "vintertid" at det vert mørkt så tidleg., ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar