fredag, juni 11, 2021
Dagbok 2021: 11.juni
Slangens kviledag!
Klokka er no 17.08, temperaturen ute er + 15 grader C og det regnar. Akkurat då eg gjekk ut og skulle ta bildet av slangen vart det ein voldsomt regnskur, så eg vart våt til skinnet på ei lita stund. Men det tørkar vel opp att. I dag begynte det tidleg å regne, noko som førte til ein kviledag for meg. Eg shina opp kjøkkenet, bytte på senga og sette på vaskemaskina blant anna.Las ganske mykje i avisa også. Men så vart eg sittande ved PC-en og prate med Mimi, Bodil og Marit ei god stund før eg køyrde på butikken og handla. I dag hadde eg med meg panteflasker for 95 kr, så eg sparte litt betaling . Då eg kom heim laga eg yndlingsretten min til middag, eg har fått heilt dilla på salatar. I dag fekk salaten ein ny ingrediens, det var dei svarte olivenane.
Etter at eg hadde ete vart det kaffi og TV, eg harr to seriar som eg ser no, den eine kjem ikkje med ny episode før mandag. Når eg sit og ser TV saknar eg å ha eit "spøt", men så snart Solveig har kome godt i gang med genseren min er det meininga at eg skal overta. Det vart litt for vanskeleg for meg å begynne-forstod ikkje oppskrifta skikkeleg.Og då må dei flinke døtrene hjelpe den gamle mora si. Eg har ikkje tatt fredagsvasken i dag, den tek eg fort i morgon føre middag. Kva som elles skjer i morgon, veit eg ikkje, men søndag får eg besøk av den nye leigebuaren min. Trefte min "personlege elektrikar" på butikken i dag. Vi har avtalt at han skal komme og rydde opp i det elektriske. No kom Marit ein tur ned, så då må eg henge på kaffien.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 25.april i dag.
Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar