fredag, mars 26, 2021
Dagbok 2021: 26.mars
Klokka er no 16.55, temperaturen på trappa er + 10 grader, noko som eg aldri hadde trudd, for eg var frostig og hadde prøvd å legge i ovnen, men det hadde slokna.Då eg skulle skrive blogg, var maskina ikkje på nett, men no har eg reparert den tre gonger i dag også, så no får eg håpe ho held ut ei stund. Dagen i dag har ikkje vore så spennande hittil; eg tok fredagsvasken + at eg rydda litt og tørka støv i vaskekjellaren m.m. Eg var ferdig då klokka var12.10 og hadde ein lang dag franmfor meg. Eg har mykje eg kunne ha gjort, men det vart til at eg vart sittande med Grublenet og dei 50 amerikanske statane, som eg kunne heilt "på fingrane" siste eg heldt på. No vart det mange klikkfeil og mange repetisjonar. Så henta eg inn avisene, i dag fekk eg Fjordingen også, så no har eg tre:Møre-nytt, Møre og altså stryneavisa. Eg må vel gå gjennom alt + Pensjonisten.Etter kvart laga eg meg middag, i dag vart det spagetti og bacon + tomatpuré, ein rett som eg lærte då vi budde på Raudeberg. Etter middagen såg eg eit par episodar av "Outlander"-etter kvart har serien blitt meir interessant, etter mi meining.
Eg sette inn bilde av dei to gule ildtoppane som eg kjøpte. I går kveld oppdaga eg at den eine hadde flata heilt ut, ikkje berre er stilkane bøygde, somme stader heilt av. Planten har stått i vinduskarmen i lag med den andre, som framleis ser frisk ut. Eg veit ikkje kva som kan ha hendt med denne. Får håpe den ikkjedøyr heilt men veks opp att.
No ser eg på klokka at eg rekk å ta ein tur på Vernet før klokka blir 19. Eg er nøye på å sjå dagsnyttsendinga då.
Elles så ser eg at somme begynner å tenke ut familieselskap på nett komande sundag, så då får eg passe på å ha det tekniske i orden. Ønsker alle ei god helg, og så reknar eg med at barnebarna er på heimveg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar