onsdag, mars 17, 2021

Dagbok 2021: 17.mars

Klokka er no 17.00. Ute er det overskya, men opplett; temperaturen er + 6 grader. Ein rimeleg bra vårdag får vi seie. Eg har vore veldig "stressa" på ein måte heilt sidan eg fekk melding om vaksine. Eg har, til liks med mange andre, venta og venta, og i morgon er det min dag! Eg la med i 1-tida i går kveld, som vanleg, men alt klokka 4 var eg klar til å stå opp. Eg greidde å halde senga heilt til halv 8, men då var det slutt. For å ha noko å gjere, tok eg og rekte opp mesteparten av jakka eg har strikka på i vinter. Så la eg restane bort og støvsuga teppegolva, eitt golv mindre enn vanleg i dag. Så vaska og spylte eg utetrappa, men den blei ikkje heilt fin, noko av gummien som var på baksida av teppet eg heiv ut, har klistra seg fast i bitte små bitar. Eg skylte godt med vatn den dagen eg styrte med det, men hadde ikkje fått med alt. Så det er godt vi har meir maling å fylle på med. Frå ca.12.30-13.30 gjekk eg tur på Vernet, i dag gjekk eg med sola, det seier Terje at ein ikkje skal gjere, når ein går i ring, skal venstrefoten vere indst. Slik går skøyteløparane ! Då eg kom heim, laga eg meg amerikanske pannekaker som eg åt med blåbærsylte. Det får tene til middag, og det blir vel også kveldsmat. Sjølv om eg lagar berre ein liten porsjon blir det meir enn nok til meg. Det er i grunnen dumt å lage slikt når ein er åleine. Etter middag skulle eg slappe av med ein kaffikopp og litt Netflix. Men så vart eg sittande litt for lenge fordi det vart krig mellom engelskmenn og skottar og det varte og det rakk før alle dei skada var anten lækte eller døde. Denne serien er ikkje så dum som eg trudde til å begynne med. Det er faktisk historiske hendingar frå ei fjern fortid-det einaste som ikkje stemmer er vel ho som vandra 200 år tilbake i tid. Då krigen var over, gjekk eg og rygga bilen ut av garasjen. Så tok eg det store teppet som var på rommet her og klipte ut dei gode bitane; dei skal eg ha til dørmatter.Resten av teppet er i garasjen så lenge.(Ein veit aldri kva ein kan få bruk for-kanskje skal nokon for eksempel skifte hjul e.l.)Eg får vel finne på noko viktig å styre med fram til dagsnytt 19. Dessverre er det ikkje tørt nok til å rake ute.Men det er alltid noko å gjere for den som vil. Eg kan for eksempel leite i garnkista mi og sjå om eg finn garn som kan brukast til noko. Blir rastlaus når eg ikkje "har noko på hendene" som svigermor sa.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...