onsdag, mars 10, 2021

Dagbok 2021: 10.mars

Klokka er no 15.50. Temperaturen ute er + 5 grader og det regnar aldri så lite. Eg er glad for at eg var ute i går då det var fint. I dag hadde eg planlagt at eg skulle vaske ned "datarommet" mitt. Bokhyllene tok eg førre veka , så det var ikkje så mykje som skulle gjerast i dag, berre tak og vegger-trudde eg !Men så var det det at eg lenge har hatt lyst å bytte ut det heildekkande teppet, som var nokså slite på somme plassar, med eit laust teppe som skulle vere varmt under føtene. Først måtte eg ha fram senga som står her, det gjekk på ein måte, men å få drage teppe unda senga var verre. Eg sende ei melding ned i kjellaren om at eg trong hjelp. Men dei var så opptekne med skulearbeid at dei hadde ikkje sjekka mailane.(Dei kom etter at dei hadde lese meldinga-men då var det for seint) Men eg visste råd. Eg tømde senga for madrass, teppe og puter,så senga letna, og då greidde eg å få fram teppet. Så skulle eg gjennom det samme på andre sida av rommet, der heile maskinparken min er. Der måtte eg hente ei stor ,tung saks og klippe teppet i bitar. Men så var alt greitt, vegger og golv vart vaska, men så kom det store "problemet". Der teppet var mest slite, dvs. midt på golvet, hadde gummieringa på basida av teppet klistra seg fast til golvet. Det nytta ikkje med såpe og vatn-nei her måtte det skrapast etter at det var godt oppbløytt. Skrurekost heldt ikkje, så eg tok deigskrapa i plast. Den virka bra, men brått fann eg den ikkje att, anar ikkje kvar den er. Men eg er aldri heilt rådlaus, eg tok steikespaden i silikon, og den funka bra. Etter mykje strev var golvet reint. At ikkje heile taket og alle veggene vart vaska ser eg ikkje svart på, for det kan gjerast utan å dra fram alle "møblane". Så mykje styr på eit lite rom er nokså arbeidskrevane når ein skal gjere reint.No blir det ikkje gjort meir her i dag. Dvs. eg må ta meg av tepperestane. Noko skal kastast , men noko kan brukast til dørmatter her og der.
Eg sat og strikka litt på føremiddagen, så eg kom ikkje i gang på datarommet før i 11-tida, eg slutta av kl. 15. Då var det middag. Eg tok ein kryddersildfileten som eg kjøpte i går og åt den på grovt brød med sylta rødbetar til. Det var godt og eg syntest eg fortente det No ser eg fram til at eg kan få gå på ein butikk og kjøpe nytt teppe til kontor - arbeidsplassen min. I morgon er det trening igjen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...