søndag, februar 14, 2021

Dagbok 2021: 14.februar. Morsdag. Valentins dag. Fastelavn.

Klokka er 16.15, temperaturen ute er minus 2 grader og sola varmar ikkje så godt som før, fordi det har lagt seg eit tynt lag med skyer over himmelen. Det er vel slutt på det finaste vêret som har vart i nesten 2 veker. I går kveld slapp eg å kveike opp i omnen fordi huset var oppvarma av sol. No er det ikkje så lenge før sola går ned for i dag. I dag før middag sette eg meg til å strikke med det samme eg hadde ete frokost og rydda på kjøkkenet. Eg hadde gjort ein feil i går, men fekk retta på det i dag. Menyen for i dag var grei. Eg hadde kjøpt masse grønsaker som eg skulle lage suppe av. Somme grønsaker var nye for meg, men eg er alltid klar for noko nytt i matvegen. Eg laga suppa ferdig, og så laga eg riskrem av noko av grauten eg hadde frå i går. Og så gjekk eg tur i ein time. Marit U gjekk i lag med meg eit godt stykke, men ikkje heile runda mi. Eg venta litt før eg tok middag.Suppa var klar, trong berre litt salt,for grønsakene er veldig søte.
Suppa var god, og den fine fargen fekk den av raudbetar som var ein del av blandinga eg hadde kjøpt. Eg åt godt og med godt samvit sidan eg meiner der er relativt få kaloriar i slik mat. Verre vart det då riskremen kom på bordet- då vart det litt for mange kaloriar likevel fordi eg ikkje greidde å la vere å ete for mykje. Kom i hug Lady Diana som hadde bulemi- men eg stakk ikkje fingrane i halsen slik som ho. Eg har fått ein stygg vane i denne koronatida, har hatt for god tid til å lage mat, sidan eg ikkje får gjort så mykje anna. Men så trøsta eg meg med at det er morsdag-utan kake, og fastelavn - utan bollar. Så då får det passere. Ser fram mot vår og hagearbeid så eg får litt anna å tenke på enn mat-og strikketøy. Då koronatida sette inn i fjor vår vaska eg ned både bad, kjøkken og stove m.m. Kanskje eg må ta reprise i år. No kan eg i alle fall rydde vekk resten av julepynten. Eg ventar kvar dag på at eg skal få melding om vaksinering-men no trur eg dei set inn mest muleg der som det er store utbrot-og det meiner eg er rett. No går sola ned og då kan eg sette på Netflix og fordjupe meg i det engelske kongehuset- mens eg strikkar. Håper alle har ein fin dag!

2 kommentarer:

arieldog sa...

Vi får ta att feiringa når det lid på :)

Besta sa...

Ventar kvar dag på innkalling til vaksinering,men har ikkje høyrt noko enno. Ser fram til at vi kan vere meir sosiale.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...