tirsdag, september 08, 2020

Dagbok 2020: 8.september







Klokka er no 16.40, temperaturen ute er +11 grader C, og det har regna det meste av dagen, så langt. Akkurat no regnar det ikkje.
I dag vakna eg tidleg sidan eg "skulle på noko". Problemet var at eg var ikkje sikker på kva klokka vi skulle møte fram til styremøtet i pensjonistlaget. Eg hadde ved eit "uhell" sletta meldinga på telefonen, utan å ha sjekka klokkeslettet. Eg sende meldingar til Eli utan å få svar og eg prøvde å ringe-men nei. Eg tenkte at eg fekk satse på at det var klokka 12, slik det oftast er. I mellomtida dusja eg og vaska håret, og tok ein spansk - leksjon på data etc.
Møtet var på Bakk-Ola-marka, så eg parkerte ved legesenteret. Ei ung jente stod og dirigerte bilar til nedsida av legesenteret. Eg kom ikkje på kvifor med det samme men eg hugsa noko eg hadde sett i avisa. Det er nemleg slik dei dirigerer dei som skal teste seg for corona. Og det var mange.
Det var ein heil seremoni å komme inn på Bakk-Ola også, for der var eigentleg stengt. Vi fekk vere der -men corona-reglane galdt. Vi måtte sprite oss, sjølvsagt, og skrive oss inn med namn og telefonnummer.
Det var kjekt å treffe att dei andre i styret. Vi  diskuterte om vi skulle ha møte i samband med Den internasjonale eldredagen. Vi kan ha møte i fall vi tek strenge reglar mot smitte. Vi fann ut at det vart ikkje så kjekt på den måten, men vi kan sjå det litt an om det kanskje blir enklare etter kvart.
Elles vart det bestemt at Eli og eg skal reise til Ulsteinvik på Høstkonferanse, den 23.september. Eg har vore der to gonger før, og eg skulle ha vore der i fjor, men då hadde eg penicillinkur og var ikkje heilt i vater. Det er på det bygget som før var hotell, no er det folkehøgskule. Vi plar få veldig god middag der, lammesteik etc.
Etter at møtet var slutt køyrde eg ned til ALTI, der eg handla på apoteket. Utanfor inngangen stod ei ung dame som kom og gav meg ei gul rose fordi eg var så snill. Eg forstod teikna. Ho hadde eit skriv der det stod at ho hadde to små barn og ingen pengar til mat osv. Eg plar ikkje gi til tiggarar, men eg gav henne ein slant - kva har eg å tape? På heimvegen var eg innom KIWI , men eg kjøpte ikkje så mykje anna enn mjøl og gjær. Viss det blir slikt vêr framover får eg begynne å bake- slik som Marit.
Til middag i dag laga eg Bali kyllinggryte, med svinekjøt i staden for kylling- og ris attåt. Det blir nok reprise i morgon.
Eg ønsker meg finare vêr for eg har mykje å gjere ute, og det er ute eg helst vil vere.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...