tirsdag, september 29, 2020
Dagbok 2020: 29.september
Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 12 grader og det har regna meir og mindre i heile dag.
Eg var relativt tidleg oppe i dag og hadde god tid før eg skulle på trening. Etter treninga var eg ein snartur heim og bytte på meg andre klede før eg køyrde fram i Mosmarka til frisørdama "mi". I dag rekna vi ut at ho hadde stelt håret mitt i meir enn 25 år. Eg har vore til diverse andre innimellom, men går alltid tilbake til Åse.
På vegen heim var eg innom Kiwi og handla litt.
Middagen vart den samme i dag som i går og dagen før, berre ein mindre porsjon, såpass at eg kunne ta meg eplekake med krem til dessert. Før eg gjekk frå bordet tok eg for mef Møre-Nytt og las den frå perm til perm, med unntak av diskusjonssidene og andre lesarinnlegg.
Eg har ikkje jobba så mykje med spansken denne veka, for vi hadde lite lekse. Trudde eg. Men då eg sette på datamaskina såg eg at der var ein mail frå Eli, med meir lekse, så no lyt eg jobbe litt med den. Kurset er i morgon. Eg får alliere meg med Google translate til å begynne med.
Ergo får eg ikkje gjort noko verken i hus eller hage denne dagen, men det var heller ikkje planen. Det er vel neste veke det er haustferie, eg håper på betre ver då-men framfor alt håper eg at alle får vere friske. Ja, med alle meiner eg her dei som er i storfamilien. Men eg håper også at denne ferien ikkje skal resultere i enda fleire smitteutbrot.No må eg sette meg til å pugge spansk.
Det er ein meny som er leksa denne veka. Vi trener på å gå på restaurant og bestille mat og drikke. Por favor.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar