mandag, september 28, 2020
Dagbok 2020: 28.september
Klokka er no 20.00 og temperaturen ute er+ 13 grader. Det har vore fint vêr nesten heile dagen, men på sein ettermiddag begynte det å regne.
I dag kom eg meg endeleg i gang med litt hagearbeid. For ei stund sidan røska eg opp jordbærplantane i andre delen av "jordbæråkeren". Idag spadde eg den opp og tok vekk ein del stein. Eg vart skikkeleg låk i ryggen, og då er det berre å sette seg ned . Då eg kom meg til igjen tok eg grafsa og hakka sund klumpane etc.-og så var ryggen vond igjen.Skal ta det att og hakke litt meir før eg rakar det pent til. Dette kan eg.Om eg plantar jordbær etter set poteter til våren er enno ikkje avgjort. Innimellom gjorde eg diverse andre jobbar i hagen, men ryggen sørger for at eg ikkje gjer for mykje. Eg blir for bra igjen når eg får kvilt litt.
Klokka 15 var det middag, det var restar frå i går, og der er ein rest igjen til i morgon også.
Eg hadde dusja og vaska håret før eg åt, og då eg sette meg ned i godstolen heldt eg på å sovne.
Marit hadde laga eplekake i går, så i dag vart det kaffi hos henne. I morgon skal vi køyre på trening i kvar sin bil, sidan eg skal til frisør rett etter treninga. Til vanleg plar vi handle på Spar begge to
etter treninga.
Datamaskina mi har fått eit anfall igjen, når eg vil inn på eit eller anna programm, seier ho berre PLING!Men eg kom meg no inn her, då.Og så har eg laptopen som eg kan sjekke etter andre ting t.d. e-post
Eg har nettopp sett dagsnytt og etter kvar sending hissar eg meg litt opp over folk i Oslo som ikkje kan
følgje reglane, ja, det er no ikkje berre oslofolk då.No er det vel eit par veker med haustferie i landet, så då kjem det an på kva som skjer.
Funne i åkeren: Det var ein gong Korona var jordbær.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.august
Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar