fredag, september 25, 2020
Dagbok 2020: 25.september
Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 11 grader C. Sola skin og det er nydeleg vêr no. Det vart finare og finare utover dagen.
Eg sov godt og lenge sist natt, for eg stressa ikkje med noko eg SKULLE. På føremiddagen tok eg fredagsvasken og i dag fekk eg ut teppa på soverommet også.
Då eg var ferdig å vaske, sette eg meg til med lydboka mi ei lita stund, men så såg eg at den nærma seg slutten så då las eg ferdig. De kan lese om boka i innlegget under.
I dag vart det middag kl.15, slik som det skal vere og menyen var suppe frå i går. Den gjekk ned på høgkant i dag også.
Etter middagen har eg prøvd å gjere noko ute. Der er rikeleg av jobbar å ta av, i dag valde eg å klippe litt her og der, ikkje med grasklipper men med diverse sakser. Så fekk eg fylt opp eit par halvfulle sekker. Eg har litt problem med å bøye meg, ryggen protesterer.
Komande tysdag har eg bestilt frisør til kl.12.30, rett etter treninga.Har ikkje klipt håret sidan 4.juni.
For helga har eg ingen planar.
Bildet viser svartsurbærbuska mi, det er berre den som har fått haustfargar så langt. Eg kjøpte denne buska på grunn av haustfargane, og bæra for fuglane med.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg, håper vêret blir fint.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.august
Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar