tirsdag, september 15, 2020

Dagbok 2020: 15.september


Klokka er no 15.50, temperaturen ute er + 14 grader C og det regnar fortsatt. No er vi komne til den 15. og det har regna nesten kvar dag sidan vi begynte på september. Eg klør i hendene etter å få komme ut i hagen og ordne opp. Har sjølvsagt mykje eg kunne ha styrt med inne, men det freistar ikkje.
Men ein ting MÅ eg berre gjere og det er å repetere spansken vi har lært, før til vi skal starte opp att neste veke. Eg sit i timesvis ved kjøkkenbordet og les spansk- "oppi høgt" som mange seier her. 
Eg har hatt litt dårleg samvit for at eg har ete for lite av fisken som eg kjøpte på Vartdal, så i dag fann eg ut at eg kunne ta meg tid til å lage fiskegrateng. Det laga eg relativt ofte så lenge Nils var heime.
Eg vil ikkje seie at det er så innvikla å lage, men det er mange prosessar og det blir mykje oppvask. Eg tok to seifiletar frå frysaren, så no er der berre 4 små filetar att. Det vart relativt mykje fisk i gratengen så den vart mektig-men god. Eg åt mykje meir enn eg hadde godt av, og blir ikkje så snart svolten igjen. Resten av gratengen må eg fryse -og ta att seinare.
Vi brukte aldri poteter til gratengen, der er no makaroni i,  berre råraspa gulrot. Slik hadde eg det i dag også. Det er ikkje ofte eg lagar skikkeleg middag til meg sjølv - men det er no mitt val.
I tillegg til å lage mat og vaske opp att,  og så lese spansk, har eg vore mykje på data og chatta med mange. Olaug , som er i Bergen, fortel at dei ikkje lenger få praktisere som tannlegestudentar, på grunn av Corona. Det er trasig særleg fordi det er siste året og dei treng praksis. Ingeborg i Oslo skriv om norskstudiet sitt og Amanda i Trondheim fortel om det dei gjer på. Kjekt å få høyre frå alle. No skal eg ikkje gramme meg for Coronaen for min del, for eg lever om lag som før, men eg ser at dei unge blir meir råka, sjølv om dei er friske.
Dette vêret er visst søvndyssande, for eg som har vore plaga at lite søvn heile sommarhalvåret har no fått eit anna problem; eg søv for lenge, i går var det skikkeleg gale, men i dag vart det også for sein oppstandelse. Og det enda eg hadde vekkerklokka på,- men det hjelpte lite så lenge den ikkje ringde. No må eg visst ned til Clas og kjøpe meg ei ny.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...