lørdag, august 01, 2020

Dagbok 2020: 1.august







Klokka er no ca. 18.00, temperaturen er + 24 grader C og det har vore ein varm og fin dag med temperatur opp til +30 grader.
Margrete og eg hadde planlagt å gå på sushi-restaurant etter at Amanda og Margrete hadde handla og Eirik var ferdig på jobb.
Derfor måtte eg gjere frå meg eventuell plenslått tidleg på dag. Eg kunne gjerne begynt før, men måtte vente til doggen var ute av graset. Då klipte eg Skråninga og oppe veg vegen. Skråninga blei ikkje særleg vakker etter denne klippen heller, graset veks ujamnt der.
Eg var i alle fall skikkeleg sveitt då eg var ferdig, så det blei dusj og hårvask og reine klede. Det varte ei stund før Margrete kom, så eg fekk kvilt meg med litt lydbok.
Vi bestilte 50 stk. sushi, så vi måtte vente ei stund på maten. Som sagt er eg veldig open når det gjeld mat; sushi hadde eg ikkje ete før men eg syntest det var kjempegodt. Men som eg sa til Margrete, eg ville ikkje hatt det veldig ofte. Ho foreslo ein gong i veka.
Margrete køyrde meg heim og vi handla på REMA 1000. Margrete har eit prosjekt gåande på badet heime, så ho har litt å henge fingrane i når ho kjem heim.
Eg håper vi får nokre skikkeleg fine sommardagar no før skulen tek til att, lærarane begynner tidlegare for kvart år, i min barndom tok skulen til 1.september-det var fast. Det er litt skyer ute no, men eg håper vi får ha opplett nokre dagar til.
Eg er veldig mett, og kjem visst ikkje til å svelte på ei stund.
Eg gløymde å ønske god helg i går, men så får eg gjere det i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...