søndag, august 02, 2020

Dagbok 2020: 2.august






Klokka er 18.10, temperaturen er + 14 grader C, skodda ligg langt bed i fjella og det kjem voldsomme regnbyger innimellom. Kort sagt, det er fint vêr å vere inne i.  Og inne har eg vore heile dagen, eg hadde tenkt å gå ein tur når det leid på men det fristar ikkje.
Ein innedag kan vere greitt å ha innimellom. I dag har eg fått festa trådar på ferdige lestepar, eg har vaska bad og kjøkken og vaska eit par maskiner med klede. Så har eg lese i Storytel-boka i og slappa godt av. Tida har gått fort og eg har ikkje kjeda meg- det gjer eg for øvrig svært sjeldan. No er det snart tid for TV og strikketøy også.
I dag har eg ikkje ete noko spennande, det vart brødskiver til middag i dag; det er heilt ok. I morgon vil Einar komme på besøk, så då blir det vel til at eg finn fram kjøttkaker frå frysaren. Eg likar best å lage mat når eg har nokon å dele den med.
Marit kjem att frå miniferien sin i kveld. Elles ser det ut til a vi blir verande i Coronaland enno ei god stund. Rasmus og familien er framleis i Danmark, men dei har utrusta seg godt, og campingplassen gir kvar vogn 12X12 meter. Det blir spennande å sjå kva som skjer når alle skular/høgskular skal starte opp etter ferien. Ingeborg er i Oslo, Olaug skal  til Bergen på sikt og Amanda og Eirik skal tilbake til Trondheim. Vi får håpe på at det går bra på sikt.




På shopping i Danmark





Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...