I dag var det ikkje råd å gjere noko ute, så eg kunne late meg litt, med godt samvit. Einar skulle komme til middag klokka 14, men eg gjorde det lettvint for eg hadde ferdiglaga kjøttkaker i frysaren. Einar kom som avtalt, han hadde eit ærend på Clas, vi åt middag og drakk kaffi og prata eit par timar.
Eg hadde avtale med Marit at ho skulle komme ned seinare på dag, så vart det meir kaffi.
Ho hadde no vore vekke i fleire dagar og hadde mykje å fortelje. I morgon skal vi truleg på butikken i lag, for eg må i posten og hente ein pakke. Det er noko som Rasmus bestilte på nettet for meg då dei var her-så det er ikkje så veldig spennande.
Det har ikkje hendt så mykje her i dag så det er heller ikkje så mykje å skrive om. Rasmus-familien er framleis i Danmark, men skal vere heime att på onsdag.
Det blir spennande å sjå korleis det går no når folk kjem heim frå ferie og skular og barnehagar skal opne igjen. Vi får håpe det beste.
Solveig og Øystein har bryllaupsdag i dag og eg gratulerer!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar