tirsdag, august 04, 2020
Dagbok 2020: 4.august
Klokka er 17.20, temperaturen ute er +15 grader, det er vått og kaldt . Og no har bloggen forandra seg så eg veit ikkje korleis dette innlegget bli sjåande ut. Kan ikkje forstå korfor dei må halde på å endre på det som funkar. I dag morgon låg eg og slappa av litt før eg stod opp. Brått begynte begge mobilane å ringe noko forferdelig. Eg trudde nesten det var krig. Det kom ikkje opp namn, så eg svarte ikkje. Etter at eg var oppe, sjekka eg 1881-det var SALG. Eg lurer på kvar dei har tankane sine desse som sit og ringer rundt. Eg har sjølvsagt reservert meg mot telefonsal-men kven bryr seg om det. Etter frokosten i dag tok eg att Sudokuen som eg løyste i går, for der var ein feil. Det var fort gjort å ta heile greia om att og få det rett. Så shina eg opp kjøkkenet. Marit og eg hadde avtalt å fare ned på Spar i dag- eg skulle hente ein pakke i posten mellom anna, og så skulle vi handle. For å avgjere kven som skulle køyre vart det loddtrekking og Marit vann. På Spar var det fole te liv, dei held på å bygge om heile butikken utan å stenge av, så der klatra og kraup arbeidarar både høgt og lågt. Eg fekk no henta pakken frå Italia. Eg klaga over at støvposane til støvsugaren min er så dyre, og bad Rasmus finne nokre billegare på nettet. Og dei fann han i Italia. Då vi kom heim att frå handleturen, tok eg sjansen på å gå ein tur på Vernet, det var akkurat opplett då. Men før eg kom heim begynte det å regne, så eg vart både våt og kald. Eg gjekk ned i tilbygget der eg hadde nokre vedpinnar og så kveikte eg i omnen. Til middag hadde eg ein rest frå i går som eg gjorde kål på i dag. Eg vart så mett at eg datt ned i godstolen med Storytel. Eg veit ikkje om eg sovna litt , men eg vart i alle fall frostig der eg sat med vått hår og halvvåte klede. Varmepumpa er på både dag og natt no for tida. Eg lengtar etter varmare, tørrare dagar, då eg kan vere ute i hagen og styre litt. Eg er veldig spent på korleis det eg skriv no kjem ut på nettet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 7.januar
Fonnavegen Klokka er no 18.20, temperaturen ute er minus 4 grader C "Kaldt ver " står det på PC-en . Ja, det er vel litt kaldt, me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar