onsdag, august 05, 2020
Bok nr. 41-2020: Jenta som ble igjen av JoJO Moyes
Denne boka har eg også lese på Storytel på mobilen, og det er heit greitt. Eg har ikkje brukt så lang tid på den fordi det har vore dårleg ver og eg har ikkje fått vore så mykje ute. Denne sommaren har eg lese mange "damebøker"-ikkje fordi eg likar dei så godt, men fordi dei er enkle og lette å konsummere. Denne boka begynner i Frankrike under første verdskrigen-for så å hoppe fram til England i vår tid. Eg vil ikkje gå meir inn på handlinga, det dreier seg om eit maleri på av-vegar. Eg synest ikkje boka er spesielt god, innimellom rett kjedelig, og ikkje spesielt godt skriven, men så vil ein no gjerne sjå "kor det går til slutt". Eg får ikkje til å legge inn bilde eller endre skrift og farge etter omlegginga av blogg oppsettet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar