fredag, mai 08, 2020

Dagbok 2020: 8.mai

Klokka er no 18.06, temperaturen ute er + 10 grader C. Det har vore regnbyger i dag, med periodar av relativt fint vêr innimellom.
I dag var eg bestemt på å halde meg heime og få gjort litt husarbeid, og det fekk eg no. Eg fekk stroke litt klede såpass eg fekk prøvd det nye strykejernet. No er ikkje stryking det beste for armane mine, men det gjekk bra. Å vaske klede er no ikkje noko stort arbeid i vår tid, men i dag fekk eg i alle fall hengt ut eine "maskina". 
Eg hadde så mykje kjøttdeig i frysaren at eg tok opp to pakkar og laga kjøttkaker, eg kunne godt ha tatt dei andre to også når eg først var i gang. Eg prøver å bruke av maten eg har i hus, og no ser eg at det begynner å bli litt ryddigare i kjøleskap og frysarar. Eg veit ikkje kvifor eg driv og hamstrar når vi har butikken så nær, men så er det desse tilboda som ein ikkje kan la gå frå seg.
Eg fekk Erik , leigebuaren, til å starte klipparen i dag. På bensinklipparen er det "drag" på så den er lett å bruke. Eg fekk klipt andre halvparten av plenen rundt huset. Men så vart det regn igjen, så eg har ikkje fått klipt opp mot vegen. 
Eg fann meg litt middag i dag også, og etter at eg hadde ete sette eg meg til å strikke mens eg høyrde på lydbok. Eg har litt problem med den Storytel-en for best det er så må eg spole  av ein eller annan grunn, og så finn eg ikkje alltid att rette staden, så mykje blir nok lese meir enn ein gong. Ikkje alle bøker er like bra å høyre i staden for å lese med augo, og den eg las no var så full av folk og namn, så eg hadde litt problem med det, men eg kom i mål. No har eg sett på kaffien og skal ha meg litt "ettermiddagskaffi" såpass eg ikkje sovnar framfor TV. I dag har eg ikkje gått verken på Vernet eller i skogen-berre mosjonert på plenen. 
Eg vart heilt overvelda i dag -det var fredag -no igjen. Ønsker alle ei fin helg, og lykke til for dei som skal starte i jobben igjen. For ein pensjonist er det stort sett det samme anten det er av-stenging eller ikkje.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...