fredag, mai 15, 2020

Dagbok 2020: 15.mai

Klokka er no 17.55 og temperaturen er + 7 grader, det har snødd i dag også, men den snøen har ikkje blitt liggande, derimot minkar det på den som ligg her frå før.
Marit og eg var ned på Spar og handla i dag, men eg har alt kome på fleire ting eg skulle ha kjøpt. Men det var noko som var litt pussig; dei var utselde for sitrongelé-pulver! No har eg rikeleg utval av gelépulver heime, men sitronpakkane "gjekk ut" på dato i 2015.
Då vi kom heim parkerte eg ved Marit sin garasje slik at vi kunne sitte og prate ei stund. Eg måtte fortelle Marit om Lollo, katten hennar. Ho er så rar. Når Marit er nede hos meg , ligg Lollo på trappa når vi kjem ut, likeins viss Marit er bortreist, då kjem Lollo hit. Men i går kom eg ut og då låg ho på trappa mi enda eg visste sikkert at Marit var heime. Men så forstod eg: BILEN til Marit var vekke, det var visst Janne som hadde den. Eg synest det er litt rart at ein katt kan forstå slikt.
Mens vi sat i bilen såg vi masse ungar sog gjekk opp Storebakken, og ei stund etterpå så vi dei på Fonnvernet. Dei feira "17.mai" med å gå i tog. Då eg var komen ned att til meg sjølv, kom dei marsjerande inn Starevegen. Dei hadde pynta seg og hadde flagg . Dei ropte, slik dei plar gjere i toget og såg ut til å ha det veldig kjekt. Eg sprang inn og fann mobilen så eg fekk tatt bilde.
I dag hadde eg bestemt meg for å lage skikkelig middag, dvs. Seibiff. Eg laga ein stor porsjon, så eg har i morgon også. Etterpå måtte eg kvile med lydboka, før eg tok ein trimtur på Vernet. Ein av grunnane til at eg går der er at der er nesten heilt flatt, for knea mine likar ikkje at eg går for mykje nedover, men eg tok ein liten omveg heim att for å få vere ute litt lenger. No er det snart TV-tid, men kanskje eg får lese litt før den tid. Leigebuarane skulle reise i dag, men no lid det så langt at dei må ha utsett det til i morgon.
Det er fredagskveld så eg vil ønske alle ei god helg inkludert 17.mai

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...