torsdag, mai 14, 2020

Dagbok 2020: 14.mai




Det blei ein liten tur på vernet i dag også, mellom 18-19




Klokka er 17.40, temperaturen på trappa er + 6 grader C, det er skodde i fjellsidene, men opplett akkurat no.
Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, men eg tek meg kanskje ein liten runde før kl.19.
I dag har eg sete mykje i ro, strikka og høyrt bok, eg har fått smaken på krimbøkene til Anna Grue
og lestegarn har eg. 
Heilt sløv har eg ikkje vore i dag, vaska litt grundig på badet og kjøkkenet. Til middag år eg resten frå i går, og no har vel oppvaskmaskina gjort seg ferdig mens eg sit her inne på datarommet. 
Marit og eg skal på butikken og handle, det blir vel i morgon. Eg veit ikke kva eg skal kjøpe inn til 17.mai, for eg veit ikkje om nokon kjem hit eller har andre planar. Eg hugsa 17.mai i fjor, då var eg med Margrete og eit par barn til Volda på ettermiddagen. Det var så varmt at folk gjekk i shorts. Meldingane for dei første dagane viser nedbør og kulde. Eg orkar knapt å tenke på vêret utan å bli deppa. Eg gler meg til sol og varme og så blir eg berre sittande å fryse.
I morgon kjem vel Audun heim frå det høge nord, lenge sidan vi såg han no.
Feiaren var her før middag, han hadde ikkje anna å klage på enn at stigen var for kort. Eg er ikkje sikker på kva stige vi har sett fram til han før. No hadde eg berre ein.
No har eg kvinna meg opp til å ta på meg godt med klede og ta ein strafferunde på Vernet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...