søndag, mai 10, 2020

Dagbok 2020: 10. mai

Morgon

Klokka er no 17.50, temperaturen er + 8 grader og no skin sola ute, men det er kanskje litt for seint å gå tur no.
Dagen starta litt brutalt med snø på markane og snø frå himmelen. Det var ikkje uventa; etter kvart som ein eldest kjenner ein det meste på gikta. 
Den halvklipte plenen vart særs stilig med snø på. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag; på føremiddagen sat eg og såg gudsteneste frå Nidarosdomen med vigsling av ein ny boskop. Eg fekk strikka ferdig ein lest og lagt opp ein ny, før eg gjorde noko anna. Marit og eg driv ikkje og spring over gata så ofte, men vi held oss a jour på Messenger. I dag skulle Marit bake. Eg hadde ikkje lyst å bake, for då rotar eg så til på kjøkkenet, men det vart til at eg sette ein brøddeig, då fekk eg brukt opp ein slank med "gammal" melk og så fekk eg tømt nokre mjølposar.Det kan vel kallast "rydding"?
Då eg hadde fått brøda i form, laga eg ein deig til, etter oppskrift frå Marit. Det er ein type hamburgerbrød, som vi likar godt. Marit bakar dei ofte, eg berre av og til. I alle heve - og steikepusar har eg lese i Storytel-boka mi. Det er andre boka i krimserien til Anna Grue. Den er mykje enklare å følge med på enn den første, denne heiter  "Den skallete detektiven". Elles har eg vatna blomstrane og gitt orkidéane gjødsel. Eg har eit utal orkidéar med friske grøne blad-utan blomster. Eg trur det er noko skummelt med orkidéane no for tida, eg trur dei er programert til ikkje å blomstre meir enn ein gong. Før hadde eg orkidéar som blomstra igjen og igjen.
Eg ergrar meg grøn for at eg ikkje får klipt plenane, graset er no så langt at det blir eit problem å få tatt det. I alle år i seinare tid har vi alltid klip plen to gonger før 17.mai. Elles vurderer eg å kjøpe -ev. leige - ei geit.
No er eg ferdig med å steike brød og rundstykke, men det står att litt ryddearbeid.  Eg ser fram til at vêrmeldingane blir så optimistiske at eg kan handle plantar. Eg må ha ein nypotentilla nedanfor garasjen og så må eg ha ein blåbærbusk til, eg kjøpte ein i fjor. Det blir spennande å sjå kva som skjer no når skulane opnar meir opp. Det mest sutalause  denne tida har vore å vere pensjonist, men litt kjedelig er det no. Spesielt saknar eg spanskkurset, "La Professora" har gitt oss litt lekse på data, men eg saknar det sosiale.

Kveld.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...