mandag, mai 11, 2020

Dagbok 2020: 11.mai

Klokka er no 18.04, og bildet over har eg nettopp tatt. Det var mykje meir snø i dag tidleg enn i går morgon, og i dag har ikkje snøen tenkt å smelte bort, slik som i går. Temperaturen er no + 4 grader. Bjørkene er grøne og plommetrea blomstrar, så ein kan bli litt usikker på kva årstid det er.
Eg misser stort sett all arbeidslyst når det er slik. I dag før middag sette eg meg til å legge kabal på data og høyre bok på Storytel. Men så vart eg litt irritert på meg sjølv, så eg tok fram støvsugaren og støvsuga alle teppegolva. Støvsuging er ikkje det kjekkaste eg veit, for armane mine likar det ikkje. 
Då eg var ferdig med den jobben, ringde Marit og bad meg opp på kaffi. Det var ei kjekk avveksling.
Då eg kom ned att vart det fram med lydboka igjen, men no kombinerte eg med strikking. Så må eg ta ein pause med det også, for venstre skuldra sa ifrå om at det var nok. Eg har sagt ifrå om at no er det nok med snø, for under snøen står det grøne strå. (Trur snøen gjer godt for gjødslinga.) Eg trur dei fleste her har halde seg heime, for vi har vel stort sett skifta til sommardekk. Det snøar jamt enno -men eg høyrde nokon som snakka om høge temperaturar lenger ute i veka.Det er tross alt snart midten av mai.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...