Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 5 grader, og akkurat no er det opplett. Då eg såg ut i dag tidleg snødde det, og det låg kvitt på marka. Men eg stod no opp like vel.
Etter frokosten vart det ei stund på data, med å sjekke ut kva som skjer på FB og så var det spanskleksa. Eg sette meg til å strikke på eit parallelt lestepar mens eg høyrde radio. Eg sette på oppvask- og klesvask maskinene.
Eg blei litt opphengt på den boka eg begynte på i går, så eg måtte høyre litt i dag også, eg kan ikkje strikke heile tida, på grunn av hendene og armane.
I dag skulle eg lage middag igjen, så eg fiska opp ein seifilet frå fryseboksen. Eg laga nydeleg seibiff til meg sjølv, og laga så mykje at eg har i morgon også. Eg rekna ut at det er ca. 2,5 år sidan eg nesten slutta å lage middag. Men viss eg blir verande stort lenger i karantene er det fare for vektauke.
Etter middagen la eg meg på dagsenga, det er noko eg har begynt med no, og las i boka mi. Einar ringde og vi prata ei stund, men eg hadde litt problem med å høyre skikkeleg. Eg skulle kanskje tenke på å komme ut av karantenen etter kvart-men eg er redd det skal straffe seg, så eg vil sjå det litt an. Det ser no lyst ut no, men det kan brått endre seg.
Eg har det heilt greitt her heime åleine, eg brukar ikkje å ha det så mykje annleis. Men til vanleg kjem no folk på besøk innimellom. Marit seier at Anne Elisabeth vil opne opp att treningslokala snart, men eg veit ikkje om eg har så lyst å begynne enno. Vi får sjå. I dag har Janne fødselsdag, ho vart fødd ei påske mens vi var i Sula.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar