Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 7 grader og det har regna nesten heile føremiddagen, seinare vart det opplett og litt sol, så vidt det var. Ja, det kan hende eg tek litt feil, for eg har ikkje vore lenger enn ut til bossdunkane.
Dagen er over nesten før den har begynt, alle dagar går fort, men i dag har den gått enda fortare. Eg vart skuffa då eg såg vêret for eg hadde tenkt å komme meg ut litt i dag også, men så vart eg sittande å høyre ferdig ei bok som det berre var litt att av. Og så var det noko som skurra, noko eg ikkje hadde fått med meg, så eg måtte leite litt for å finne ut av det. Så var det fleire eg skulle chatte litt med på Messenger, og brått var vi komne midt på dagen.
Ein jobb måtte eg no komme i hamn med i dag også, så eg tok og rydda og vaska skuffene på badet, det var no betre enn ingen ting. Eg lagar middag nesten kvar dag no, finn diverse småtteri i frysaren som kan bli eit måltid. I dag skulle eg steike løk og grillpølser og koke poteter til. Men mens eg skrella dei kokte potetene greidde eg å svartsteike pølsene og løken. Ja, ja, det gjekk ikkje utover andre enn meg sjølv, og uansett så var det no ikkje noko festmåltid.
Eg fann ein liten rest med is som eg åt som eit plaster på såret. Etterpå la eg meg på dagsenga og fann ei ny bok på Storytel. Eg høyrer litt på ymse bøker til eg finn ei som interesserer. Den eg begynte på i dag syntest eg at eg hadde sett før, og heilt rett -Margrete har lese den og vurdert den på bloggen sin, og omtalen var positiv.
Apropos positiv, så vart seks ørstingar testa for korona, men ingen testa positivt. Eg trur folk her er litt avslappa no med omsyn til Corona, men eg er redd for å slappe av FOR tidleg. I dag hadde eg nesten tenkt å bryte karantenen, men slik vart det ikkje.
Kom meg ikkje ut i det heile tatt, somme dagar går FOR fort. Som før sagt.
Eg har tre svigerinner og alle tre har fødselsdag i april. I dag er det Mimi, som er gift med bror til Nils, som fyller år. Ho er fire år yngre enn eg, og eg har kjent henne sidan ho var 14. Eg har gratulert henne på FB, men kan gjere det her også:
Gratulerer med dagen, Mimi!
Eg har vel ønskt folk både her og der God Påske, men heilt greitt å gjere det ein gong til.
Eg kom på at eg ikkje hadde sett etter i postkassa mi i dag, men eg plar ikkje få så mykje post. Derfor vart eg overraska då der låg ein pakke til meg. Og eg vart veldig imponert over innhaldet. Det var Tone, dottera til systera til Nils som hadde strikka ein nydelig duk til meg. Eg veit litt om kor mykje arbeid det er med ein slik, og eigentleg ganske vanskeleg arbeid, men Tone er så flink med slikt.
Tusen takk, Tone, den var heilt nydeleg og sette stor pris på å få den.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar