Jettefossen i Rossåa-Sandhola i bakgrunnen.
Klokka er 16.40, temperaturen ute er 14-15 grader C. Det har vore delvis sol i dag, og opplett. Sist natt regna det igjen, og då eg såg ut glaset i 7 tida i dag morgon var det framleis vått.
Kvar kveld ved leggetid har eg stort pågangsmot og energi; det er då eg tenkjer ut kva eg skal gjere neste dag, og det er ikkje småtterier. Det er berre det at eg på langt nær har den lysta og energien om morgonen som eg har ved midnatt. I dag vart eg gåande berre å surre, før eg kom meg ut for å rake plenen der brøytebilen hadde lagt frå seg små tuer med gras og mose.
Etterpå gjekk Marit og eg ein tur ut Starevegen og inn att Olavsgata. Vart sittande ved datamaskina heilt til eg fann ut at eg ville lage middag. I dag vart det Gilde karbonader+ steikt løk og Wok- grønsaker. God mat det!
Eg tenkte eg skulle få gjort noko ute, men det var både for vått og for kaldt til å få gjort noko hagearbeid etter mine vurderingar.
Eg tenkte at bilen måtte få lufte seg litt, så eg køyrde fram på gravplassen. Rydda bort brukte stearinlys og sette nye batteri i lykta. Ein far og ein son her frå Starevegen var og pynta mora si grav med fine vårblomster i ei korg. Den var kjøpt på Felleskjøpet. Eg hugsar frå i fjor at dei hadde mykje fint der. Men eg har vore så striks at eg ikkje har gått inn på ein einaste butikk-men på Felleskjøpet står plantane ute......... Eg trefte også ei av venninnene mine frå spanskkurset der, men ho bur fram på Bondalen så det er ikkje så farleg om vi kom litt nær.
Så ville eg gå ein tur fram gjennom Dalateigane, då følgjer ein Rossåa framover. På andre sida av elva kan vi sjå Engeset , der vi budde ein gong.
Då eg kom til denne brua snudde eg, for vidare framover var det snø og enda våtare enn der eg hadde gått. Eg svinga av stien og gjekk bilvegen på Mo nedover igjen.
Eg gjekk om lag same turen langfredag i fjor, og då var det så vidt eg kom meg tilbake til bilen. Kneet mitt var vondt då, no går det betre. I denne avsondra situasjonen vi er i er det kjekt å komme seg ut og sjå folk, og prate litt med dei. Eg treng ikkje å ha folk rundt meg støtt, eg trivst godt åleine, men det er no kjekt å treffe folk ute og slå av ein prat.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar