mandag, april 06, 2020

Dagbok 2020: 6.april


Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +16-17 grader C, det er litt lette skyer på himmelen og det blæs litt. Det har vore ein nydelig dag, og snøen smeltar med rekordfart. Etter frokost hadde eg som vanleg ei god stund på PC-en , sjekka FB og jobba litt med spansken. "Cada dia" seier Eli , og ho styrer oss med hard hand, med nye lekser kvar veke. Og det er så bra.
Eg vaska opp diverse greier som ikkje skulle i maskina og så shina eg opp kjøkkenet etterpå. Eg fann ut at eg ville gå tur før middag, for etter middagen kan det hende eg blir litt lat. Eg kledde godt på meg, for ikkje å fryse, kom ikkje på at eg kunne sjekke temperaturen. Eg hadde ein plan om å gå ein lang tur, men knea mine er ikkje så gode, så det vart berre ein tur på Fonnvernet i dag også. I går vassa eg i snø der oppe, i dag var der bert  Eg sette meg ned på alle benkane ikkje fordi eg var trøtt, men for å sole meg. Trefte ei dame eg kjenner i dag også, og vi hadde ein lang prat, så det å gå på Vernet er sosialt også, sjølv om vi held avstand. 
Middagen i dag vart fiskesuppe frå i går. Det blir som regel slik at når eg lagar mat, held det i to dagar- og det er heilt greitt for meg. Etterpå la eg meg på dagsenga og høyrde lydbok. Eg har hatt litt problem med lydbøker siste dagane, fekk ikkje tak i heile teksten. Eg  begynte å tvile på om det var rette innstillinga på lesefarten-og det var det IKKJE, eg hadde den på for stor fart, så stilte eg ned til 1 og no forstår eg alt. Eg har begynt på "Du er så lys" av Tore Renberg.
Eg åt opp resten av Twisten min i dag, så no er freistingane borte, og godt er det-det blir for mange kaloriar.
Eg skulle ha vore ut og raka litt i snøen, der er kome litt torv og singel her og der etter brøytingane. Eg lurte på om det var mykje snø att på altanen-der var to små flekker, så det er bra eg ikkje sleit med å spade vekk alt . Plenen er snart full av krokus, dei som står i bedet har blomstra lenge. No kjem våren for fullt om alt går etter planen.

Full vår frå og med i dag


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...