Klokka er 18.50, temperaturen er +15 grader og vi har hatt enda ein bonusdag utan ei einaste sky på himmelen. Det er berre å nyte det så lenge det varer. Men det blir trist den dagen vi ikkje ser sola no når vi er så godt vande. Eg har ikkje mosjonert i dag, og hagearbeid har det heller ikkje vore så mykje av.
Marit og eg reiste ned på Spar og handla på føremiddagen, det var 6 veker sidan sist vi var der etter den tid gjekk vi i karantene, men no er vi ikkje så strenge lenger. Her har ikkje vore nye smittetilfelle på fleire veker. Men så spørs det korleis det er med dei som vart testa i dag. Vi tek ingen sjansar.
Eg prøvde meg på litt hagearbeid då eg kom heim, men det vart ikkje mykje med meg. Eg hakka opp "potetåkeren" enda ein gang, så no kan eg plante når som helst. Eg skal få jordbærplantar med Marit U. så det kan hende det blir både jordbær og poteter i den "senga".
Kl.20.00 (Etter nyheitene.) Eg har ikkje på verken radio eller TV før klokka 19.00 viss det ikkje er noko heilt spesielt.
Til middag i dag hadde eg restar frå i går, det blir som regel to dagar med samme slags mat, men det gjer meg ingen ting. Matstellet er så som så, men i dag handla eg i alle fall grønsaker, så no har eg material til ei god kjøttsuppe som eg gjerne kan dele med nokon. Eg ser at folkelivet kjem i gang litt etter litt, alt er ikkje så stengt lenger. Eg må no handle inn litt til hagen med tid og stunder, men gartnaren heime på Eid sa alltid at ein ikkje skulle plante ut noko før 17.mai. Eg har ikkje heilt oversikta på kva eg treng.
Etter middag la eg meg med Storytel på altanen,varmt og godt i sola. Etterpå gjekk eg ut at i hagen, men hamna borte hos Marit U og såg på mens ho jobba. Torbjørn var inne og koka kaffi og serverte oss kaffi og is ved hagebordet. Dei har sånn fin og skjerma uteplass, men no har eg så fin altan at eg kan servere kaffi der, -når eg får møblert.
Ja vi har hatt fine dagar, men i morgon skal det begynne å skye over, så då må eg vere klar til å gjødsle. Eg har vore veldig lat desse fine dagane-men alt har ein ende. I kveld skal eg legge opp eit nytt spøt-eit par lestar til forandring? Eg har funne ut at det er bra for hender og armar med LITT strikking.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 202: .26 okrtober
Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar