lørdag, mars 28, 2020

Dagbok 2020: 28.mars

Klokka er no øyeblikkelig 16.00, temperaturen er + 3 grader, det er opplett og litt vind. I dag igjen vakna eg til kvite marker, det er litt bakvendt at vi får snø no, i januar klipte vi hekken fordi vi trudde det var vår.
At eg skulle bli 80 år i dag var det ikkje mykje å gjere med, dagen kom uansett. Men all feiring hadde vi slått ifrå oss for lenge sidan. Eg er i karantene, sjølvvalt, og tek ikkje imot folk inne i huset mitt, snakkar med folk på god avstand, men har ikkje nærkontakt. Eg syntest ikkje det var så dramatisk, men det var andre som tykte at dagen måtte feirast på ein eller annan måte. Mange, mange sende helsing på Facebook og det sette eg sjølvsagt pris på. Det begynte etter kl.12 i natt og heldt fram i dag tidleg. Eg var opptatt mykje av tida med å lese og svare på helsingane. Klokka 11.00 hadde Rasmus bode inn til nettmøte. Alle i storfamilien som ikkje var direkte forhindra stilte opp med headset og kamera, så eg fekk sjå og høyre alle: Rasmus og heile familien på Kongsberg var der, Audun i Bardufoss stilte opp, likeins Ingeborg i Oslo og Eirik i Trondheim, Margrete og Erlend var på Straumshamn, Amanda fekk ikkje vere med for ho var på jobb. Håkon melde også forfall, men frå Hareid kom Solveig, Øystein, Olaug og Einar. Alle fekk prate og det var nesten som om vi var i lag. meg fekk dei berre høyre, men viss eg hadde kopla meg inn med laptopen kunne dei få sett meg, for der er kamera. Rasmus er vant til å treffe folk på denne måten for han har fjernundervisning av studentar heile skuleåret.
Då vi hadde avslutta nett-praten, såg eg ut glaset der fleire og fleire naboar samla seg, med store og små flagg og Mari-Ella med kornetten sin. Eg ante uråd. Marit ringde på og bad meg komme ut, Mari Ella spela og dei andre song bursdagssong. For nokre naboar eg har! Dei ville ikkje at eg skulle ha ein sånn bedrøvelig 80-årsdag som det såg ut til å bli. Eg brukar ikkje å like så mykje oppstuss, men akkurat i dag gjorde det godt. Torbjørn tok bilde som ligg på Facebook.
Eg fekk overrekt pengegåve, det er likt for heile gjengen her i gatestumpen vår.
For å glede meg sjølv enda meir laga eg ein av yndlingsrettane mine til middag, nemleg heimelaga fiskesuppe. Det har eg ikkje ete etter at Nils slutta å fiske. Hadde så vidt ete ferdig, så ringde kusina mi, Ellen Marie, og men vi prata kom blomsterbilen med ein mann som bar inn den eine blomsterpakken føre og den andre etter. Fem pakkar i alt.Dei to største var frå barna/barnebarna mine, to samanplantingar, ein til å ha ute og ein inne. Så no blei det litt liv og fargar i huset, det var det smått med før. Eg tok bilde av alle i tilfelle eg skulle få mobilen i orden att slik at eg fekk legge bilda på nettet. Eg kom fram til ein liten "knapp" som eg trykte på, på vona-og der vart alt i orden.
Å feire 80 år i koronaens tid er neimen ikkje så verst.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...