fredag, mars 27, 2020

Dagbok 2020: 27.mars


I dag går eg langt tilbake i tid, ca. 80 år. Mamma og pappa jobba begge på sjukehuset på Eid den tida då eg blei født. Dei hadde to hyblar i 3.etasje på sjukehuset, og hadde kosten i lag med dei andre som jobba der. Etter at eg vart fødd flytta vi inn i forpaktarhuset på prestegarden og der budde vi til 1946.
Presten Løvoll dreiv sjølv garden med hjelp av dei vaksne barna sine og leigehjelp, derfor vart paktarhuset ledig. Her budde vi altså under krigen, bror min vart fødd hausten 1941. Hausten 1944 måtte vi flytte ut av huset fordi tyskarane skulle ha det, då budde vi ungane og mamma i Innvik hos besteforeldra der. Den vinteren døde presten Løvoll og den nye presten ville ikkje drive gard, så ein forpaktar skulle flytte inn og vi måtte flytte ut, etter at vi alle hadde budd i huset på same tid, paktaren med sine 6 barn og vi på loftet.
Desse bilda er ikkje gamle, men eg hugsar i detalj korleis romma såg ut og kvar møblane var plassert. Under krigen stod eg kvar morgon i stoveglaset og såg tyskarane marsjere forbi - dei song så fint, tykte eg. Dei hadde ein bunkers rett utanfor huset vi budde i. Bror min og eg brukte ofte å gå i fjøset i lag med son til presten. Eg stod av og til opp før dei andre i familien og skulle vere med Ottar i fjøset-då var eg sånn i 3-4 årsalderen.
..............................................................................................
Klokka er no 17.50, temperaturen er + 8 grader, det er skya vêr, men opplett.
Eg har ikkje gjort stor nytte for meg i dag, hendene mine er så hjelpelause om morgonen at det einaste eg kan gjere då er å sitte ved datamaskina og chatte, øve på spanskleksa etc. I dag fann eg to pakkar i postkasa, den eine var frå Rasmus og inneheldt eit headset som eg skal bruke når eg skal prate med han på data, ikkje på Skype, men på Zoom. Rasmus har stor røynsle i slit for han har fjernstudentar heile året ikkje berre i krisetider. I dag fekk eg prate med han og Ingar, og eg fekk sjå dei, men dei såg ikkje meg fordi eg ikkje har kamera. I Morgon har Rasmus invitert heile storfamilien til nettmøte klokka 11.Den andre pakken var frå Mimi og Rolf.
Eg sende melding til verkstaden og spurde om bilen var ferdig og det var den. Den var til EU-kontroll, og eg hadde for så vidt fått den godkjend, men det var noko med bremsene som ikkje var heilt i orden, så det ville eg ha fiksa. Det var kjekt å få att bilen. Eg gjekk ned i Vik då eg skulle hente den, så litt har eg mosjonert i dag. 
Janne nabo har handla til meg i dag, så no har eg mat for lang tid frametter. Og fisk har eg i frysaren pluss diverse anna, så svelte skal eg ikkje. Eg prøver så godt eg kan å isolere meg, og slepper ingen inn. Litt trasig er det, men eg vil gjerne vere på den sikre sida sidan eg er så gammal. Eg vil gjerne oppleve at pandemien er slutt. 
Tenk at ein kan lengte slik etter heilt alminnelege dagar.  Eg var knapt fjorten dagar gammal då krigen kom til Norge- og eg hugsar gleda då den var slutt.Og no kom pandemien. I dei 75 åra som har gått sidan krigen var slutt, har vi stort sett hatt det bra og utviklinga på mange område har vore eventyrleg. Her eg sit har eg datamaskina, headset, to mobilar blant anna. Ingen av dessa tinga fantest i min barndom, men vi hadde telefon!
No må eg slutte av før eg kjem dragande med heile Norgeshistoria.  I kveld blir det vel litt anna på TV enn Corona. Ønsker alle ei god helg.

Ingen kommentarer: