lørdag, februar 08, 2020

Dagbok 2020: 8.februar

Klokka er no 16.50, temperaturen ute er+ 7 grader, men tidlegare i dag var den 10-11 grader; varmt for å vere februar. Men vi har ikkje sett mykje til sola, og i ettermiddag har vi hatt både vind og regn.
I dag hadde eg planen klar, først vaske håret og så til Vik. Sidan bensinmålaren på bilen min ikkje flyttar seg av flekken, veit eg aldri kor mykje bensin eg har att. Sist eg fylte var etter at vi hadde hatt bilen til Fosnavåg på julekonsert. Då fylte er 25 liter. I dag fekk eg plass til 12. Eg køyrer ofte , men ikkje langt.
Eg hadde ærend på apoteket, måtte fylle opp medisinkvoten min, og så var eg på Clas og fekk meg blekkpatron og papir. Eg skal printe opp nokre eksemplar av årsmeldinga i pensjonistlaget. Det er årsmøte komande onsdag. Litt mat måtte eg også ha, handla på Spar i dag.
Då eg kom heim var det enno tidleg dag, så eg tok like godt ein tur på Vernet, der var andre og som var ute og gjekk, og på heimvegen trefte eg Marit og Torbjørn på veg opp. No er Fonnvernet snart like populært som AMFI - eller ALTI som det heiter no.
Margrete har vore sjuk nokre dagar med forkjøling og feber, men ho hadde vore på Eid og handla i dag likevel. I går låg ho rett ut, men ho hadde fridag, så ho skulka ikkje jobben. Vi har utsett morsdag og andre feiringar til vinterferien.
I komande veke skal eg på trening tysdag morgon og på Musikalen om kvelden, onsdag er det først spanskkurs 11-13 og etterpå skal vi dekke borda til pensjonistmøte same staden- og så er det berre heim og byte om til møtet tek til kl.16. 
Om eg fer på trening torsdag, veit eg ikkje. Eg må i alle fall skrive referat i løpet av dagen.
I dag har eg hatt ein bra meny, sidan eg kom rett frå butikken. Eg åt salat til middag med apetina-ost i olje med soltørka tomatar. Det var godt, og til dessert hadde eg rømmekolle. Men etter å ha slappa av ei stund, blei det kaffi med krumkaker og is. Må no ha litt ekstra når det er helg og morsdag. For morgondagen har eg ikkje planlagt noko, men vert det fint vêr er det mange turar å velje mellom no når det er bert overalt.

Mellom Fonnvernet og Turvegen , det eg kallar Avgrunnen, samlar det seg mykje vatn; små elvar som kjem frå skogen renn nedi der, og blir Vikeelva for stor, fer vatnet bort i Avgrunnen også. Det lagar seg ein dam der etter kvart, og det blir sagt at den kan nyttast som badebasseng- viss nokon føler seg freista.

2 kommentarer:

ariel sa...

Eg var på Eid og handla i dag, ikkje i går. Då låg eg rett ut heile dagen, i dag har eg vore litt betre.

Besta sa...

Eg prøvde å rette på det. Dagane går litt i surr for meg av og til.

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...