fredag, februar 07, 2020

Dagbok 2020: 7.februar


Klokka er16.40 og temperaturen er +9-10 grader. Det er nesten sommar, eller i alle fall vår. Aldri har eg sett så grøne plenar i februar. I dag er det den første dagen i år at vi har hatt skikkeleg sol. Vi har ikkje kunna følgje med kor langt ho var komen, så eg sette meg til ved vinduet med to par solbriller for å finne ut om den "kleiv honnje" i dag. Det gjorde den og eg har snakka med to andre som også undersøkte saka. Heilt klårt var det ikkje, så det var som eit lite slør framfor sola. Inne i hus har den varma godt opp.
På føremiddagen i dag tok eg fredagsvasken, dvs. vaska skikkeleg bad og kjøkken. Eg var ikkje heilt i form i dag, trur eg overdreiv treninga i går, for eg var "trøtt" i føtene og hadde litt vondt i armane. Hadde eg vore litt meir pigg hadde eg kanskje vaska stove-glasa.
Men ut ville eg - og i dag vart der Fonnvernet. Eg gjekk ikkje fort og eg kvilte på alle benkane, men eg fekk i alle fall vere ute. Trefte folk å prate med også. Føtene mine var betre etter turen enn før.
Klokka var over 15 då eg var heime igjen, så eg tok meg litt mat og la meg på dagsenga og las  bok.
Det blir vel ikkje gjort noko meir i dag, anna enn litt strikking etc. Viss det blir like fint i morgon, kan det bli hagearbeid - kanskje.
Det er nyopning av Fugl Føniks i desse dagar, dei har flytta frå Målar-Olav-butikken i gågata til Norrønabygget, der som var apotek først og så Pub. Der er sikkert fint. Føniks har vore møteplass for dei unge vaksne-det er den mest urbane av kafeane her. Ser at utflytta ørstingar treffest på Føniks når dei er heime.
Sidan det er fredag må eg hugse å ønske alle ei god helg. Om vi berre kunne få ha dette vêret nokre dagar til !

Starevegen sett frå Vernet (de ser skiltet) Mørkt i Mosmarka.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...