Klokka er 16.40, temperaturen er+ 6 grader og bildet over tok eg for eit par minutt sidan. Som de ser er det full vår igjen og all snøen er borte. Det er berre lekkert, synest eg. Det vart ikkje hagearbeid i dag, men kven veit om eg tek "øksen fatt" i morgon ?
I dag skulle Marit og eg på trening viss ho vart ferdig hos legen tidsnok, og det vart ho. Vi skulle fare nedover kl.12.15, og før den tid fekk eg rydda nokre skuffer og hyller + øvd på spanskleksa. Eg må øve på spansken "cada dia"- eg føler at eg begynner å lære litt no. Det er ikkje spøk å lære eit nytt språk når ei nærmar seg 80-men eg trur det er sunt.
Vi køyrde nedover 12.15 og trente aktivt i 1 time. Etterpå skulle Marit handle, men eg stod over handlinga i dag, blant anna fordi eg hadde gløymt å ta med meg handveska og lommeboka. Det var ikkje så mykje eg trong heller, har ein frysar som langt ifrå er tom.
Då eg kom heim laga eg pannekakerøre, fordi eg brått fekk lyst på pannekaker og fordi eg var svolten. Det gjekk fort å lage middagen, steikte bacon først og så pannekaker på den vesle nette steikepanna eg fekk av Solveig til jul. Eg prøvde å lage lite røre, men eg har nok att til kveldsmat også. Etter maten berre måtte eg kvile og la meg på dagsenga på datarommet med boka mi og sovna. Og det til tross for at eg sov veldig godt sist natt.
Marit skal på "Strikkekino" i dag, eg kunne vere med om eg ville, det er ein god film som går, men eg ville heller vere heime og pusle litt her. Og kl.22 kan eg gå inn på PC-en og finne fredags-sudokuen til Møre-Nytt. Då får eg også sjå om førehandsomtalen min er komen i avisa. Eg bad om tilbakemelding, noko eg ikkje fekk. I morgon er det fredag igjen-synest det er ofte fredag no, ikkje så ofte den tida eg var i jobb. Eg har hatt ein del på timeplanen min i det siste. No står det berre att å bestille EU-kontroll på bilen, og time hos legen i samband med at eg skal fornye sertifikatet. Det er berre to år sidan sist.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar