onsdag, februar 05, 2020

Dagbok 2020: 5.februar


Klokka er 17.25, temperaturen er +5 grader og det har silregna i heile dag. Det er nok nedbør no, men vi får vere glade for at vi slepp å moke.
I går kveld sat eg i stova og strikka og såg TV. Etter kvart syntest eg der vart litt kjølig. Eg hadde ikkje fyrt i omnen,  men varmepumpa stod på rett temperatur. Eg syntest også at varmepumpa bråka for mykje, men brått vart det stilt. Eg hadde mine vonde anelsar om at det var noko gale -og det var det. Varmepumpa hadde gitt opp. Eg har visst nokre gamle panelomnar her og der, men har ikkje tenkt å hende dei opp att. Eg har ein frittståande el-ovn, som virkar berre med halv kapasitet, den sette eg inn i stova, og no har eg også sett den vesle effektive vifteomnen inn, før i daghar eg hatt den på datarommet, for det er her eg er for det meste -på dagtid.
I dag møtte eg opp litt tidleg på spanskkurset og måtte fortelje "karane" om problemet mitt, men det vart nesten morsomt då det kom enda ei dame som hadde problem med varmepumpa. Ho bur også åleine.
Men det var ikkje berre varmepumpa som svikta i går. Brått vart det så rar lyd frå TV-en, men det var ikkje det det var noko gale med, det var eine øyret mitt som var heilt døvt. Slikt har hendt meg før, og i dag var eg på apoteket og fekk meg øyredropar. Eg drypper øyret nokre dagar, og så går eg inn på legesenteret og får ein øyreskyll. Dette har eg gjort før.
Då eg kom heim gjorde eg ferdig ein epistel til avisa før eg gjekk opp til Marit og gjorde avtaler for i morgon. Då skal vi på trening etter at Marit har vore til legen
Her blir det eit lite opphald, for no kom Helge.
…………………………………………………………………………………………………………………………………...
Helge gjekk rett på varmepumpa og det varte ikkje lenge før han hadde fått den i gang igjen, så no varmar den- så lenge det varer. Skulle vel hatt sørvis på den, men ventar til den stoppar igjen. Det er tre forsterkarar som må til for at dei nede skal ha god internett-tilgang, to her oppe hos meg og ein nede. No er Helge nede og skal prøve om det funkar.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26. november

                                            På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...