Klokka er no 17.00,temperaturen er ca.0 grader og det snør trollkjerringar ute.
Før i dag har vi sett sola så vidt, ser ut til at den nesten "kliv honnje no". Eg har sete og lese litt i ei bok, og fekk nesten sjokk då eg såg ut. For eit par timar sidan gjekk eg tur rundt Storebakken, og då var vêret slik som på bilda. Eg kunne hatt lyst å gå på Fonnvernet i dag, men var redd der var glatt, derfor vart det ein tur "rundt Storebakken". Bildet over er tatt frå "Millionærsvingen".
Sist natt sov eg godt med varmeteppet på 1, men eg vakna tidleg, veit ikkje kor
tidleg, for eg såg ikkje på klokka før det hadde gått ei god stund. Då var den 6. Eg låg til klokka 8 , men utan å sove. Eg har mobilen på vekking klokka 8 når vi skal på trening, eg likar å ha god tid. Såg ut glaset i 6-tida, men vart beroliga då det ikkje hadde snødd om natta, det er ikkje berre, berre å ta ut bilen viss det har kome mykje snø.Vi trena ein time , som vanleg, og etterpå handla vi på Spar.
Då eg kom heim hadde eg lyst å gå på Vernet, men så begynte det å snø så eg gjekk inn og begynte på nokre skriverier. Måtte ringe Eli for å få nokre fakta på plass. Fekk kladda avisinnlegget og skrive eit utkast til Årsmeldinga, men den treng eg ikkje før onsdag., eigentleg. Så eg har tid å flikke på den.
Slikeskriverier tek mykje meir tid enn å skrive referat-det er mykje som må sjekkast.
Fekk tid å ete resten av pastaen frå i går innimellom. Då klokka var ca.14.30 tok eg turen rundt på Vallabøen, det var litt glatt innimellom, men i dag datt eg ikkje.
Eg vart litt trøtt og sette meg i godstolen for å lese, men eg sovna ikkje. Eg har begynt på ei bok eg har fått av Øystein, det er ein norsk roman frå krigens dagar. Den er lett å lese, og eg trur den er bra.
Eg ventar litt på Helge i dag, men veit ikkje om han kjem. Så skal eg få ved med Even, han skulle hente til dei sjølve også. Eg var lens no, så eg må greie meg med elektrisk så lenge.
Resten av dagen skal eg bruke på tre aktivitetar: spansk, TV og strikketøy. Dagane blir for korte uansett til alt som eg vil, bør og skal gjere. I morgon er det spanskkurs.
Starevegen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar