Klokka er no 17.50, temperaturen ute er minus 4 grader. Det har vore fint ver i dag, men ikkje heilt klårt, slik at vi har hatt nytte av sola til oppvarming. Men eg har sett sola gjennom skyene nesten heile dagen. Eg skulle sjølvsagt hatt meg ein tur ut, men det var mykje anna eg skulle også.
Det var ein kamp berre å komme seg opp, det var som om heile kroppen var frosen og måtte vekkast til live. Neste natt vil eg ligge med varmeteppet på , slik at eg ikkje stivnar så til. Det var ikkje i gryotta eg var oppe i dag, men eg las ganske lenge på senga i går.
I dag tok eg meg saman og støvsuga teppegolva, det er rikeleg nok å støvsuge berre annakvar veke, når eg er her stort sett åleine, og ikkje går ut og inn i hagen med gras på føtene, slik som om sommaren. Så tok eg meg ei lita stund og las ut boka mi og blogga om den. Eg har fleire bøker på lager, men veit ikkje kva eg skal lese no.
Sette meg til å begynne skriveprosessen i samband med årsmøtet, men fekk ikkje gjort det ferdig fordi eg manglar opplysningar, det er no først og fremst det som skal i avisa som hastar- og det er fort gjort å skrive når eg har opplysningane.
I dag laga eg middag til meg sjølv, det vart Pasta carbonara. Det likar eg , og det er fort gjort å lage. Eg vart så mett at eg måtte kvile litt framfor TV-en i godstolen. Eg sovna sjølvsagt ei lita stund, men så vart eg sittande å glo på TV.
Eg sette på ei vaskemaskin med klede, som eg skal tørke i tørketrommelen. Elles må eg førebu meg på treninga i morgon. Då må alt vere klart. Eg synest det er lenge sidan eg var på trening, men det er no berre ei veke. Resten av dagen skal eg bruke på spansken før eg tek fram strikketøyet.
Ungdommane i kjellaren, som går og studerer friluftsliv i Volda, saknar snø. Dei skal m.a. lære om skredforsking og er litt frustrert over mangel på snø, så eg måtte sende dei eit ti år gammalt bilde som viser at det kan vere snø her også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar