Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar.
I dag kalkulerte eg med at eg vart heime åleine heile dagen, og då var det litt av kvart eg måtte/skulle/ ville gjere.
På søndag førmiddag høyrer eg ofte radio og strikkar, det gjorde eg i dag også.
Så printa eg ut, stifta og gjorde klar ca. 20 eksemplar av årsmeldinga. Ingen vits å printe ut fleire, for dei ligg som regel att på borda. Eg har store lager av slike frå fleire år tilbake-kanskje eg skulle kvitte dei?
Eg sette på oppvask og klesvask, og så hadde eg lagt ein plan. I dag skulle eg ete fisk til middag. Eg hadde ein fin langefilet liggande, eg hadde fått den av Jørn. Nils brukte alltid å salte langa over natta og så åt vi den kokt. Eg fann ut at sidan den var både skinnfri og beinfri kunne eg steike den, og det gjorde eg mens potetene kokte. Det skulle noko til å få den gjennomsteikt når den var så tjukk, men det gjekk bra. Eg steikte løk og paprika til. Det var godt med fisk, har ikkje ete mange fiskemåltid sidan Nils slutta å fiske. Berre nokre gonger har eg kjøpt laks, og så har eg fått makrell med Gudmund somme tider. Då Nils fiska som best ,hadde vi fisk eller fiskemat minst fem gonger i veka.
Maten smakte godt , men der er rikeleg att til eit måltid til- det får bli i morgon.
Eg vart veldig døsig etter maten, så det var ikkje fritt for at eg sovna litt i godstolen. Etter kvart som eg livna til tok eg fram boka mi og las den ferdig. Eg skal blogge om den etterpå.
No har eg ikkje noko lesestoff som eg har lyst å begynne på, for på biblioteket ligg der ei bok som ventar på meg. Ei bok eg gleder meg til å lese. Før las eg nesten berre lydbøker, no les eg mest på papir. Det går greitt når ein er åleine heime, og så les ein no mykje fortare på papir, aberet er at ein ikkje så lett kan strikke samtidig.
No er det ei veke til, så er det vinterferie på skulane her. Eg veit ikkje korleis det er med elevane, men lærarane i familien vår treng i alle fall ein pause.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 25.november
Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
1 kommentar:
According to Stanford Medical, It is in fact the ONLY reason this country's women live 10 years more and weigh on average 19 kilos less than us.
(By the way, it has totally NOTHING to do with genetics or some secret diet and EVERYTHING related to "how" they are eating.)
P.S, I said "HOW", and not "WHAT"...
CLICK this link to determine if this brief questionnaire can help you discover your true weight loss potential
Legg inn en kommentar