Klokka er 18.00 om eit par minutt, temperaturen er så vidt under 0 grader, men er nok på veg ned. Det er ikkje heilt klårt, men vi har no sett sola i dag også. Eg var oppe klokka 8 i dag, kunne like godt stå opp når eg var vaken. Eg dusja og vaska håret og kledde meg relativt pent til eg skulle på kurs. Det var kjekt som vanleg, vi tek ikkje verken oss sjølv eller andre særleg høgtidleg-det er lov å gjere feil. Eg hadde no gått gjennom det same heime som dei hadde gjort på kurset førre veka, så det vart ikkje heilt flause. Vi blir betre kjende med kvarandre etter kvart-det er alltid kjekt med nye venner i tillegg til dei gamle.
Etter spanskkurset var det styremøte i pensjonistlaget, og no er det to skriveprosjekt som eg må få unna. orka ikkje å begynne på det i dag, det kjem ein dag i morgon også.
Var ned på biblioteket og hadde frå meg boka eg hadde lånt der. Eg handla ikkje i dag, må ete litt meir tomt først.
Syntest ikkje det var fristande å gå inn då eg kom heim, så eg tok ein spaser-runde på Vallabøen, opp Storebakken osv. Ville ikkje gå på Vernet i dag, dels fordi det var ekkelt å gå der i går, og så hadde eg dei nyaste støvlettane på meg, og dei ville eg ikkje fare stygt med. Vegane var delvis berre og tørre.
Då eg kom heim var klokka over 15, så då vart det litt mat. Så var eg på data ei stund før eg fyrte i ovnen og la meg på sofaen og las bok. Som de ser har eg ikkje så mykje å skrive om, men det er no såpass at de veit eg har det bra. No skal eg snart ta fram spøtet og sette på TV. Eg har ikkje planlagt noko for morgondagen, anna enn litt skrivearbeid for Pensjonistlaget. No skal eg skrive ei lita oppsummering frå møtet i dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:19.august
NB: Eg har rydda bort dette no. I dag var dei og henta boss, og eg fekk av garde mykje, men her er enno noko att til neste gong-og det er ve...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar