Klokka er17.00, temperaturen ute er 0 grader C, og det er nesten klårt. Det var kanskje litt sol i dag, men det var vel mens eg var i Vik. Eg trur det kjem til å bli kaldare no , men snøen har smelta mykje i dag, særleg på vegane.
I dag vakne eg tidleg, eg hadde vondt i armane, så eg greidde ikkje å få sove lenger. Dermed stod eg opp før klokka var sju. Etter frokost tenkte eg at eg like godt kunne begynne på referatet frå møtet i går, det var ferdig før halv ti. Men eg har ikkje sendt det til avisa enno.
Imidlertid hadde eg eit tun å mòke, så det var berre å ta spaden fatt, brettet er ikkje brukbart. Eg tok sikte på å ta bort så mykje snø at eg fekk bilen ut, og ikkje eitt grann meir. Eg greidde det når eg tok eit par pausar. Når begge armane er vonde, er ikkje snømòking det beste. Og ikkje vart det fint heller, men eg fekk ut bilen !
Då eg begynte hos fysioterapeuten for snart eitt år sidan, var det på grunn av knea, og dei er mykje betre no. Likevel skal eg halde fram med å trene dei. Der er artrose i begge kne, og for å halde den litt i sjakk er det viktig å styrke muskulaturen rundt knea. Kanskje eg slepp å operere ? Det med armane og skuldrane kom seinare. I dag ville fysioterapeuten undersøke dei nærmare, ho kom til samme konklusjon som sist, det er scenebetennelse i begge armane. Mange andre eg kjenner har hatt det, men dei har fått cortison-sprøyte og blitt bra. Eg skal snart bestille time hos legen fordi eg skal fornye sertifikatet, og då skal eg snakke med henne om det. (Då må eg bestille dobbeltime.)
Etter at vi hadde trena, var vi på Spar og handla, og då eg kom heim att måtte eg ha mat ganske kvikt-det var lenge sidan frokost.
Eg la meg strak ut på dagsenga , og eg trur eg sovna litt. Då begynte armane på verke igjen. No har eg stått opp og armane er ok.
Det har vore ei "travel" veke, men no er eg snart i mål, denne veka har vore enda kortare enn vanleg. Neste veke er det vinterferie her og då kan det bli litt sosialt i familien,eg meiner Ingeborg og Eirik skulle komme heim så dei fekk sjå Musikalen. Trur ikkje eg får vinterferie , så det blir vel trening og spansk neste veke også. I morgon får eg ta litt husarbeid.
1 kommentar:
As claimed by Stanford Medical, It is in fact the one and ONLY reason women in this country get to live 10 years longer and weigh 19 kilos less than we do.
(And by the way, it is not about genetics or some secret diet and really, EVERYTHING about "how" they eat.)
BTW, I said "HOW", and not "WHAT"...
Click on this link to reveal if this easy quiz can help you unlock your real weight loss possibilities
Legg inn en kommentar