onsdag, februar 12, 2020

Dagbok 2020: 12.februar

Klokka er 19.10, temperaturen ute er + 1 grad, og vi har fått ein del deilig våt snø, på grensa til regn.
I dag har eg vore på farten heile dagen, nesten. Først på spanskkurs,  så dekka vi bord i same salen som kurset var, fordi vi skulle ha pensjonistmøtet på Bakk-Ola denne gongen. Det vart eit kjekt møte, og det aller kjekkaste var at Morten Bollerud kom med to trekkspel og spelte både lenge og vel, utan at vi vart leie. Det er forskjell på trekkspelmusikk og trekkspelMUSIKK. Høyrde det var nokon som sa at dette var det beste vi hadde hatt.
I morgon må eg skrive referat, og så skal Marit og eg på trening klokka 12.30, etter treninga trur eg at eg skal ta vinterferie viss eg er ferdig med referatet. Eg fekk litt problem med å høyre det som vart sagt i dag, for utstyret dei hadde på Bakk-Ola var ikkje så godt. Der var mange som møtte fram i dag og kosa seg over å vere tilbake på Bakk-Ola. Før hadde vi annakvart møte på Bakk-Ola og dei andre på kulturhuset.

1 kommentar:

Unknown sa...

If you're looking to lose pounds then you absolutely have to start following this brand new tailor-made keto diet.

To design this service, licensed nutritionists, fitness trainers, and chefs have united to provide keto meal plans that are effective, decent, economically-efficient, and fun.

From their first launch in January 2019, 100's of individuals have already completely transformed their figure and health with the benefits a great keto diet can provide.

Speaking of benefits: in this link, you'll discover eight scientifically-tested ones offered by the keto diet.

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...