tirsdag, februar 11, 2020

Dagbok 2020: 11.februar

Klokka er 22.00, temperaturen er + 1grad C, og i dag har det regna og sludda. Eg vakna relativt tidleg og stod opp, likar å ha god tid når eg skal trene. I dag køyrde vi rett heim etter treninga utan å handle.
Eg sette meg til å lese då eg hadde fått opp varmen, men eg blei berre så trøtt at eg måtte legge vekk boka. Så strikka eg i staden og blei ferdig med det eg heldt på med, må berre feste trådar etc.
Eg laga meg mat og åt eit godt måltid- og då eg sette meg til att med boka sovna eg tvert, og eg trur eg sov ei stund! Og etterpå kunne eg lese bok heilt til eg begynte å gjere meg klar til å fare på Musikalen. Margrete og Amanda henta meg klokka 19 og køyrde meg heim etter festen.
Det var ei strålande framsyning i dag også, og eg synest dei blir fleire og fleire på scena for kvart år, i år var fleire linjer enn før involvert, det er ikkje berre musikklinja som jobbar med musikalane. Eg er ikkje så godt inne på kva alle linjene heiter, men det var i alle fall m.a. ei arkitektlinje (arkitekt var i namnet men der var fleire ting) Dei hadde laga flott til i foajeen. Ja, eg kan ikkje gå i detaljar. Erlend var berre med i koret i år, sidan han er førsteklassing. Og koret hadde meir enn nok å gjere. Somme av skodespelarane/songarane gjer meir av seg enn andre, men alle var flinke. Men vi tre damene som sat i bilen heim var samde om at vi likte musikalen i fjor betre, fordi den hadde ei tydelegare handling og ein god bodskap. Det hadde for så vidt den i år også-men det kom ikkje så godt fram.
No skal eg ete kvelds og styre på litt, skal ikkje tidleg opp i morgon, for spansken begynner ikkje før kl.11. Pensjonistmøtet tek til kl.16, så eg får ikkje så lang tid innimellom til å shine meg opp. Håper at det kjem mange på møtet.



1 kommentar:

Unknown sa...

Strange "water hack" burns 2lbs overnight

Over 160k women and men are using a simple and secret "water hack" to lose 1-2lbs each night while they sleep.

It is simple and it works with everybody.

Here's how to do it yourself:

1) Get a drinking glass and fill it up with water half full

2) And then do this amazing hack

and you'll become 1-2lbs skinnier when you wake up!

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...