fredag, februar 14, 2020

Dagbok 2020: 14.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 3 grader C, det hadde kome litt snø sist natt også, men mykje har tina igjen, og vegane er berre. I dag såg vi sola ei lita stund.
I dag har eg hatt heime-dag, har ikkje vore lenger enn ut på trappa. På føremiddagen bytta eg på senga , vaska soverom bad og kjøkken. Eg må passe på å ta soverommet når eg kan ha ut teppa. Sette på oppvask og klesvask så i dag har det blitt gjort litt.
Då eg var ferdig med vaskinga vart eg sittande ei stund og klusse med Facebook, eg har to gamle konti liggande og brått kjem eg inn på ein av dei i staden for den eg brukar no, og då blir det berre surr. Men det ordna seg denne gongen også.
Eg fann på å lage middag til meg sjølv i dag-det skjer ikkje ofte. Eg kokte poteter, laga brun saus frå pakke og tok fram nokre kjøttkaker eg hadde i frysaren, frosne grønnsaker hadde eg også, så det blei eit herremåltid. (Eg har nok att til ein dag til). Etterpå vart eg så trøtt at eg måtte legge meg på dagsenga med ei bok-men eg orka ikkje å lese, trur eg var borti og sov aldri så lite. 
I alle fall måtte eg ha ettermiddagskaffi - det skjer ikkje ofte. Eg fann fram is og krumkaker til kaffien, og kosa meg skikkeleg. Så ringde ei venninne og vi hadde ein hyggelig prat. No er det berre ein time til eg skal sette på TV-en, så det blir vel ikkje meir gjort i dag. Skulle lagt meg opp eit nytt spøt, eg har rikeleg garn i hus. Vaskemaskina passar seg sjølv, men eg må no ned i kjellaren nokre gonger.
No er det vel mange i familien som har fått vinterferie og det er dei vel unnt. Ønsker alle som er innom bloggen ei fin helg i alle fall. Eg skal passe Lollo,  laurdag + sundag.

1 kommentar:

Unknown sa...

Did you know there is a 12 word phrase you can speak to your crush... that will trigger deep feelings of love and instinctual appeal to you deep inside his heart?

That's because deep inside these 12 words is a "secret signal" that fuels a man's impulse to love, please and protect you with all his heart...

12 Words Who Trigger A Man's Desire Instinct

This impulse is so hardwired into a man's brain that it will drive him to work harder than ever before to to be the best lover he can be.

Matter-of-fact, fueling this influential impulse is absolutely mandatory to achieving the best ever relationship with your man that as soon as you send your man one of these "Secret Signals"...

...You will soon notice him open his mind and heart to you in a way he never experienced before and he will see you as the one and only woman in the world who has ever truly fascinated him.

Dagbok 2024:29.desember

                                                                     Akkurat no Klokka er no 16.07, temperaturen ute er + 2grader og det re...