lørdag, september 07, 2019

Dagbok 2019: 7.september



Klokka er 18.20, temperaturen er + 14 grader , og i dag har det vore opplett og ganske mykje sol. Ei stund var det nesten varmt, men no er det nokså kjølig ute. Men det gjorde seg med litt finevêr.
Eg var rimeleg handikappa då eg stod opp, vondt både i armar og bein, men eg kjem meg etter ei stund, så det går stort sett bra.
I går bestemte eg meg for at eg må begynne å fare til Vik om laurdagane for å treffe folk. No når vi går mot haust, treng vi å bli litt meir sosiale.
Marit og eg bestemte oss for å fare bort i Furene og handle på Coop Extra. Vi er begge Coop-medlemmer, men så har vi altså ikkje ein einaste Coop butikk her i Ørsta lenger,  Extra-butikken høyrer til i Volda.
Vi hadde også ærend på Plantasjen. Eg kjøpte to lyngplantar til grava, og ein orkidé til meg sjølv.
På Coop handla eg blant anna store pakningar med mjøl og sukker. Sukker kjøper eg knapt ein gong i året, men kjekt å ha om ein skulle finne på å sylte eller bake. Vi gav oss god tid med handelen, og sat og prata ei stund i bilen då vi kom heim. Marit er nesten åleine heime ho også denne helga. Og i dag var det ho som køyrde.
Med det same eg hadde rydda på plass alt, tok eg med meg lyngplantane og køyrde fram på gravplassen og planta dei. Den planten som stod der frå før var det ingen stas med lenger.
Eg hadde avtale med Margrete at vi skulle fare i lag på "Musikk i sentrum" i Ørsta i dag. Der er utescene i Laguneparken, og der har det vore konsert det meste av dagen. Margrete har vore ppå stand i Volda i heile dag, og Amanda har vore på jobb.
Eg køyrde ned sjølv og parkerte, så eg var i parken før dei kom. Erlend og bandet hans var dei siste som spelte, og dei som laga mest lyd. Eg synest det er kjekt å høyre og sjå dei, sjølv om det ikkje er akkurat min musikk. På vona hadde eg med den gamle mobilen min, DOROen, og under over alle under-Amanda fiksa den på eit øyeblikk, så NO ENDELEG har eg tvillingtelefonar. Eg har sjekka at dei funkar her heime også. Eg har sakna den enkle gamle mobilen som eg har hatt med meg og på meg heile tida dei siste åra.
Eg kjøpte litt fårekjøtt i dag, for eg har eit kålhovud liggande....så får vi sjå kva det blir til. Poteter har eg enno av eige avl.
Har ingen spesifikke planar for morgondagen, men eg finn vel på noko.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...