fredag, september 06, 2019

Dagbok 2019: 6.september




Klokka er 18.40, temperaturen er + 10 grader og det har regna så smått i heile dag. Vêret begynner å likne veldig på det vi hadde i fjor haust. Då letta det ikkje opp att før i november og då hadde vi mist sola-ho var berre å sjå i fjella. No får eg håpe vi får litt v betre vêr denne hausten, for det er enno mykje å gjere ute i hagen.
Eg sat og bladde i Møre-Nytt. Der var ei heil side med bebuarar frå Hjørundfjordheimen pluss nokre andre. Dei gjekk tur på det nye Fonnvernet. EG skulle opp dit ein kveld, men fann alle vegar stengde og såg meg ikkje syn med å kome opp. Kva er det bebuarane på Hjørundfjordheimen har som ikkje eg har? Rullestolar? Politisk assistanse? Nei, dette må eg finne ut av.
De har kanskje merka at eg ikkje har sytt og klaga over manglande søvn i det siste. Grunnen er at eg har sove godt, lagt meg litt tidlegare og sove lenger om morgonen-kva no grunnen kan vere. Skal eg skulde på vêret?
I dag sov eg spesielt lenge, så føre middagen vart kort. Marit var innom ein tur, så vi fekk planlegge litt framover. Elles vaska eg litt og la i hop ein klesvask. Eg kokte spagetti til middag i går, og der var så mykje att at eg hadde i dag også. 
Så har eg lata meg og lese i ei bok, men også jobba med spansken. No har eg sagt farvel til Paul for ei stund, og jobbar med  MI VIDA LOKA - på You Tube.
Har ikkje lagt planar for helga, men det blir kanskje ein handlerunde i morgon-kanskje ein tur på Amfi for å vere sosial?
I kveld blir det vel å parkere framfor TV-en og følgje med på populære program.
Eg vil i alle fall ønske alle ei fin helg-sjølv om vêret er som det er.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...