torsdag, september 05, 2019

Dagbok 2019: 5.september

Klokka er no 17.40, temperaturen er +10 grader C og det har regna i heile dag.
Slikt vått vêr tek meir og mindre knekken på meg, sist natt verkte eg i armar føter, rygg, hofte osb. 
Kom meg ganske for då eg kom meg opp og i bevegelse, men arbeidslysta dukka ikkje opp. Gjorde eit minimun av husarbeid, strikka litt -men så vart det vondt, las litt-men så vart eg lei; den boka eg held på med er over 400 sider, og det er same historia fleire gonger, på ein måte.
Var trøtt og tenkte eg kunne ta ein blund, men det fekk eg heller ikkje til.
Men eg har øvd mykje på spansken. Første episode av MI VIDA LOCA er lekse til neste veke, men eg har sett dei 12 første episodane. Det er kjekt å føle at ein forstår litt meir etter kvart.
Då klokka var 15 livna eg til litt og laga middag til meg sjølv, denne gongen vart det spagetti med tomatpuré og steikt bacon. Det er ein rett som Nils og eg fekk då vi besøkte nokre naboar på Raudeberg. Veit ikkje om det er andre enn vår familie som framleis brukar denne retten?
Sette på oppvaskmaskina, og denne skal eg tømme no. Var ned i kjellaren og sette på vaskemaskina også. Eg er glad for at eg fekk male ferdig kvistane i går, eg likar ikkje å ha rot liggande. Solveig plar ofte ta med seg slik ferdigmale rusk og ha det i komposten sin. Mi kompostkasse er haugen på og det som er inni er steinhardt.
Marit var heller ikkje i form i dag, ho reagerer også på vêret, så det blir ikkje gravplanting i dag. Vi får vente til vêret blir litt betre.
I dag har eg knapt vore ut for døra, berre ned og henta litt ved og fyrte opp med i dag morgon. No kom eg på at eg ikkje har henta posten.
Og i kveld kan eg gå inn på data og finne fredagssudokuen og begynne på den, så rotar eg ikkje vekk heile morgondagen. Då får eg også sjå om omtalen min kjem i avisa i morgon.
PS: No kom vallistene i posten. Lovleg seint, meiner eg. Elles kan eg skryte av at Anders Roald og eg er dei to eldste som står på listene i år. Vi er begge født i mars 1940, han den 20. og eg den 28. Men vi står langt frå kvarandre politisk.

1 kommentar:

arieldog sa...

Spagetti med steikt bacon og tomatpuré er ein rett som er godt likt og mykje brukt i vår familie òg. I studietida fekk vi eit stort stykke salta sideflesk som vi brukte til denne retten - det var du og pappa som hadde salta det. Når kjøt var så dyrt var dette eit kjærkome bidrag til matbudsjettet :)

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...