onsdag, september 04, 2019

Dagbok 2019: 4.september

Her skal vi få LITT betre utsikt snart.




Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 13 grader, og det har stort sett vore opplett i dag, berre nokre regndropar av og til.
I dag var det oppstart på spanskkurs igjen, og alle dei som var med i vår, minus ei, møtte fram til vidare skolering på Bakk-Ola. Først vart det ein del repetisjon og så gjekk vi eit lite steg vidare. Nytt av året er at vi brukar ein film på "You tube" i opplæringa. Filmen heiter  MI VIDA LOCA. Det er ein film som i seg sjølv er eit opplærings-opplegg. Det som er greitt er at vi kan repetere så mange gonger vi vil heime.
Det var kjekt å treffe att "medstudentane".
Då eg kom heim att tykte eg det var kaldt og hustre, så eg kveikte litt i omnen. Så måtte eg ha meg litt mat, og ein liten kik på data.
Men eg hadde eit arbeid som venta, ein haug med kvister og greiner som skulle malast på kvern. Eg gjekk ut og sette i gang, men det varde ikkje lenge før kverna stod blegg fast. Det viste seg at den hadde ikkje vore heilt tom då eg sette den vekk sist så det hadde klaka seg til inni. Då er det berre å finne fram fastnøkkel nr.13 og skue av toppen. Det gjekk greitt, men snart stod den fast igjen. Ny opning, rensing, og denne gongen skikkeleg, spylte med vatn, og peiste på litt "Reparatør på boks". Men så kom det litt for mange regndropar, så eg måtte ta ein liten pause før eg gjekk ut og gjorde jobben ferdig. I løpet av hausten må eg nok både klippe og sage mykje meir, men det er godt at det ikkje hopar seg opp.
Då eg kom inn att fann eg e-post frå Eli med dei opplysningane eg trong for å skrive ein førehandsomtale av møtet vi skal ha neste onsdag. No er det gjort, og eg har sendt manus til avisa.
Ei av "studentane" bur nede i  Olavsgata.  Ho har mange store bjørker som tek mykje utsikt frå oss her oppe. No har ho tinga folk til å komme å ta ned trea - og det var no veldig kjekt. 
I morgon skal Marit og eg kjøpe lyng og plante på gravene, viss alt går etter planen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...