"Konene ved vannposten" er ein roman av Knut Hamsun. Desse Statuene står på Tøyen torg i Oslo.
Klokka er snart 18.00, temperaturen er + 19 grader og vi har ikkje fått regnet som vart lova, det har vore både skyer og skodde i dag, men ikkje regn. Men i morgon skal det regne , seier dei på TV. Eg kan ikkje hugse at eg vatna i går, i dag har eg i alle fall ikkje gjort det.
Dette har vore ein planlaus og ustrukturert dag, og slike dagar vert det ikkje mykje gjort, det er mi erfaring. Så må eg spørje meg sjølv: "Treng eg å gjere så mykje kvar dag?" Då er svaret at her er nok å ta tak i, men eg bestemmer sjølv korleis eg brukar tida mi.
I dag klødde eg forferdelig på kvepse-stikka mine, men takka vere allergitablettane får eg sove om natta. Eg hadde ein liten diskusjon med meg sjølv om kva eg skulle gjere; skulle eg ringe legesenteret, eller var der andre utvegar.
Eg landa på ideen om å levere gammal medisin på apoteket (er ikkje lov å ha den i bosset) og spørje om råd der.
Men først rydda eg å shina opp kjøkkenet som har vore meir i bruk enn vanleg siste dagane.
Klokka var berre vel 10 då eg kom ned på AMFI. Dei var hjelpsomme på apoteket og eg fekk ein salve til å smørje på hendene, dei var hovne og såg meir ut som klubber. Eg spurde om eg kunne ta meir enn ein allergitablett og det kunne eg, men måtte trappe ned etter kvart.
Eg hadde ikkje behov for å handle mat i dag, så eg køyrde rett heim, med ein liten avstikkar for å vatne blomsten på grava. Vatna ei anna grav med det samme.
Eg blir aldri lei av å vere ute i hagen og styre, men i dag vart det berre pusling. Det er ikkje tida for full opprydding enno. Eg har hatt eit langsgåande prosjekt lenge, og det er å få bort plantar som snik seg til å vekse på tunet i singelen. Det er eit usedvanleg kjedeleg arbeid, så då var det kjekt at to av naboane dukka opp for å sjå etter post. Så fekk vi oss ein koseleg prat. Eg kom til å tenke på eit bilde som heiter noko slikt som "Konene ved vannposten"- møteplassane har vor ulike gjennom tidene.
Etter at eg hadde fått meg litt mat vart det spansktime, og så fann eg på å sette på TV. Der var det "Huskestue", eit program som eg likar å sjå, men eg synest ofte at deltakarane er lite "flinke". I dag var eit av spørsmåla : Kor lang tid brukar jorda på å gå rundt sola, og svaret vart: Eitt døgn! Då må jorda få farten opp!
Mobilane mine verkar framleis ikkje. Eg sende ei melding til Amanda, som ringde til Telenor. Det er Telenor som ikkje har aktivert SIM-korta enno. Godt at eg framleis har hustelefonen.
No er det store spørsmålet: Skal eg vatne, eller skal eg ikkje!
I nærmaste framtid treng eg hjelp til å lære meg å bruke mobiltelefon og for å utnytte den nye TV-en.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar