Kongsberggutane i Bulgaria. Slik lever dei der.
Klokka er 18.05, temperaturen er + 15 grader C og det har nyss vore ei lang regnbyge. Skodda ligg nedetter fjellsidene. Ja, vi trong litt nedbør, men ikkje før har vi fått det, så vil eg helst ha sol og varme igjen. No sit eg med eit fleece-teppe om skuldrane fordi eg ikkje har gidda å kle på meg skikkeleg.
Eg hadde ingen planar for dagen i dag, og som vanleg går det då opp i surr. Det første eg fann på var å gjere rein omnen, dvs. ta ut oska og pusse ruta. Eg har det med å brenne papir og anna rusk-rask i omnen for å sleppe å gå ut i bosset. Dermed blir det fullt av oske, og ruta blir svart.
Så kom det brått ein lyd frå mobilen, så då var den livna til. Men det var ikkje gjort med det! Det var blant anna adresser som skulle på osb. Eg gav opp etter kort tid. Eg har ikkje tolmod til slikt; får eg det ikkje til med det same, så må eg få hjelp. Eg snakka med Solveig i telefonen (fast-telefonen),og ho lurte på om det ikkje følgde med eit brev? Som om eg greier å finne ut at ei bruksanvisning !
Nei, eg må sitte her og vente til einkvan har høve til å hjelpe meg. Eg lid inga naud, for eg har telefon. Fekk forresten brev frå Telenor i dag, dei ville ha betalt!
Eg tok eit par spanskleksjonar før eg fann meg eit høveleg arbeid. Eg klipte og rydda litt i bringebæråkeren og i området omkring kompostkassa, eg tok ut kompostkverna og mol greinene der. Eg kom o skade for å rive opp eit par potetplantar som står attmed bringebæra, og grov i jorda etter poteter. Dei var ikkje store, men kanskje kokar eg småpoteter til kvelds?
Etter at eg hadde ete, sette eg meg i godstolen med papirbok, men eg greier ikkje å vere vaken, sovna heile tida-meir og mindre. Det er trasig å ikkje kunne strikke, fysioterapeuten meiner det er senebetennelse eg har i armen, men det tek vel slutt ein gong, det også.
Men hendene mine har vore bra i dag, dei klør i alle fall ikkje lenger.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar