Dette bildet er tatt med mobilen min.
Klokka er 18.15, temperaturen er + 21 grader C, det har vore sol og varmt det meste av dagen, men no ser det ut til at det skyar over. Det kan godt kome litt regn no, for det er veldig tørt overalt. Eg har vatna i hagen nesten kvar dag, men det er knusktørt likevel.
Eg tok ein allergitablett før eg la meg i går kveld, så eg vart fri kløen og såleis fekk sove. Vakna tidleg i dag og stod opp, slik er det når eg skal noko, og i dag skulle eg på trening. Neste tysdag skal eg til legen rett etter treninga, så då blir eg veldig aktiv.
Det var litt tungt å komme i gang med trening igjen, men godt også. Marit køyrde i dag, og etter treninga var vi på Spar og handla.
Ikkje så lenge etter eg var heime att, kom Audun, og ei stund etterpå kom Håkon. Eg fekk Audun til å sjå på mobilen min, men heller ikkje han fekk den til. Mobilen påstår at SIM-kortet ikkje er i orden. Eg må nok få tak i Amanda igjen, eller eg må bort på El-kjøp så dei får sjå på det.
Audun og Håkon måla nesten alt som var att på vestveggen, men dei hadde ikkje lang nok stige. No har Gudmund funne fram stigar som dei kan få låne slik
Eg har ingen planar for morgondagen at vestveggen blir ferdig. Materialen, som ikkje har vore måla før, trekker mykje maling, så det må kanskje eit ekstra strøk til.
Mens dei måla, klipte eg graset i Skråninga, det var som vanleg ein heit jobb, men det var mindre med gras enn det har vore før i sommar.
Etterpå laga eg pannekakerøre og steikte bacon og pannekaker til gutane. Eg bad dei ete godt, så eg slapp restar og det gjorde dei. Vi tok berre ein kaffikopp etterpå.
No har eg vore ute i hagen og rydda litt, mest for å få vere ute, det er deilig temperatur, og enno er det opplett. Men det er visst fare for lokale regnbyger- og det er ingen spøk, når ein ser på TV kva som kan skje med slike byger.
Eg har hatt ein relativt aktiv dag, og no har kvepsestikka begynt å klø igjen, men ikkje så gale som i går. Eg skal ta meg ein razzia i garasjen om ei stund og sjekke om der er fleire kvepsebol, men akkurat no held eg avstand.
Mandag i neste veke kjem Linda tilbake og har med faren sin, då får vi på plass kjøleskapet og kan begynne å tenke på oppvaskmaskin.
Eg har ingen planar for morgondagen, men eg har nok å "finne på" både ute og inne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar